torsdag 28. februar 2013

Pakka og klar!

 Når eg reiser på byferiar saman med mann og eventuelt born, ber gjerne han ein sekk og alt eg kjøper.   No må eg greie meg sjølv.  Ikkje vil eg utmerke meg heller. Er det bygdis med eit "usynleg" magebelte til pass og bankkort? Så eg fann ut at eg måtte kjøpe meg ei ny skinnveske.  Denne fann eg på Røyset sko på Blåhuset.  Eg fall for den mjuke, praktiske og fine veska.
Den har ei glidelåslomme i midten der ein kan legge lomebok og pass, ganske tjuverisikkertt skulle ein tru.  Reima er crossover, seier dei.  Veska skal berast med reima over hovudet.  Eg trur det skal gå bra.  Men eg har med magebelte i tilfelle eg vil gå ut  utan å dra på ei veske.


Ei siste trøyst er at om eg skulle gløyme noko, så er det meste å få kjøpt i London!

10 kommentarer:

  1. god tur --- vi var der i vinterferien i fjor - kosa oss...

    hadde med slikt magebelte til NY- men brukte det ikkje

    Smil - monika

    SvarSlett
  2. God tur til London - godt storbyferievalg!
    Jeg bruker omtrent samme veskeløsning som deg, og synes det funker fint når jeg i tillegg har veska godt under armen der det er stor folketrengsel :)

    Klem, Kari

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det!
      Det er det som er meininga, ja. Og så får ein passe på kvarandre.

      Slett
  3. Ja du får nok kjøpt det su trenger og vel så det i London.
    Ei grei veske til tur det der ser det ut for.
    En riktig god tur til deg :)

    SvarSlett
  4. Vi ønsker deg god tur til London og håper du greier å ta vare på deg sjølv og veska!

    SvarSlett
  5. Takk for det alle saman!
    Kanskje veska er mest verdt? Ne, det er nok smarttelefonen...

    SvarSlett
  6. God tur! Alltid kjekt med ei ny veske!

    SvarSlett
  7. Takk for det frå Flesland.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...