torsdag 13. desember 2012

Reingjering

Eg har ein teori om at ein treng berre nokre få reingjeringsmiddel som grønsåpe, zalo, Jif skurekrem og eitt for vindauge og speil.  Alt anna er stort sett "husefyll". Så var eg innom ein blogg som anbefalte dette middelet for vansklege flekkar på badet.

Eg sette i gang med reingjering av dusjkabinettet.  I staden for å gå laus med ein gammal oppvaskkost og Jif skurekrem, spraya eg med Cillit Bang.  Etter 10 minutt tørka eg vekk skiten med ein klut.  Men kva ser eg?  Striper i golvbelegget inne i dusjen?  Vedundermiddelet har no gjort at den opprinnelege fargen har kome tilbake.  Litt skuring måtte til på dei vanskelegaste flekkane.  Men middelet var verdt femtilappen!

4 kommentarer:

  1. Takk for tipset.
    Strevar litt med å få det blankt i dusjkabinettet,
    så dette skal eg prøve.

    SvarSlett
  2. I utgangspunktet liker eg ikkje vaskemiddel som skal sprayast på. Eg føler at eg pustar dei inn. Men av og til må det til - som i dusjen og steikeomnen.

    SvarSlett
  3. Godt å vite at det virkar.
    Skal testast :-)

    God natt!

    SvarSlett
  4. det er far din som tek dusjkabinettet her, eg har ikkje rygg til det. Han har prøvd mange middel, blant anna bilvaskesvamp m/såpe. Men no må vi prøve vidundermiddelet. Så sjelden som kabinettet blir vaska her, kan vi spandere ein 50-lapp.
    Elles har eg kjøpt ei flaske Jif flytande reingjeringsmiddel på Felleskjøpet som eg brukar til det meste. Blandar med vatn og har på tomme sprayflasker. Likar heller ikkje å ha eit heilt arsenal med reingjeringsmidlar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...