tirsdag 8. mai 2012

Meir krim

I går hadde eg eit ærend i byen.  Eg leverte og eit par lydbøker.  Der låg denne lydboka.  No har eg lagt den inn på I-tunesbiblioteket mitt saman med Mo Hayder si siste bok.  Det er kjekt å ha så mange bøker å velje mellom!

Elles driv vi sjølvsagt med konfirmasjonsførebuingar i dag.  Konfirmanten sjølv har vore i Molde og tatt med heim ein bronsemedalje på 60 meter.  Yngstemann spelar fotballkamp. Sjølv har eg droppa tysdagstur for hage- og husarbeid.  Slik går dagane her.

5 kommentarer:

  1. Eg har likt det eg har lese av denne forfattaren. I dag lånte eg Lucie , ein krimroman som heiter noko med Paganini.....og Øya under havet av Isabell Allende. Den siste har eg lese før, men følte at eg ikkje fekk med meg alt.

    SvarSlett
  2. Den krimromanen trur eg er ein Keplerroman! Eg hadde nok lese den først!

    SvarSlett
  3. Ja, der er det. Har aldri høyrt om Kepler før-i alle fall ikkje som romanforfattar.Hadde tenkt å lese Lucie først sidan den er kortast------

    SvarSlett
  4. Eg har lese dei etter kvart som dei har kome ut. No ser eg at dette er nummer to. Då har eg lese den.

    SvarSlett
  5. Eg har ikkje sett lydbøker av denne forfattaren før, og eg har lese dei fleste lydbøkene på biblioteket.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...