lørdag 18. februar 2012

Vinterferie

 Laurdag morgon er min favorittmorgon.  Då kan ein rusle ned til postkassa og hente seg aviser til frukosten.  Ein kan slappe av med kaffikoppen omtrent så lenge ein lystar.  Og så kan ein begynne å gjere noko fornuftig. I dag måtte eg berre bestemme meg for å begynne i ein ende.  Vaskemaskina og tørketrommelen har gått i eitt.  Og så bestemte eg meg for å begynne i høgda.

Litt ut på dagen då eg hadde fått rydda og vaska litt, dekka eg på eit fastelavnsbord.  Gryteunderlaget har eg strikka i vamsegarn og tova.  Det vart ganske tjukt.  Serviettane kjøpte eg i byen torsdag for å ha til det oransje.
Lysa kjøpte eg hos Floriss i går.  På butikken ved sida av gjekk det i påskepynt.  Gult er ein farge ein fort vert lei av, så eg ventar litt med det.  I avisa i dag stod det litt om kva fargar som er fastetidsfargane.  Eg får finlese artikkelen seinare.

Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg!

8 kommentarer:

  1. Eg ser der er dekka til to. Berre du og Olaug heime? Orange er i alle fall ikkje faste-farge. Er det ikkje lilla, skal tru?
    Eg vurderer kvar dag å ta ned julegardinene på kjøkkenet, har sett siste frist til 1.mars.Grunnen er at eg vil rett over på dei kvite "sommargardinene, og dei er så gjennomsiktige.

    SvarSlett
  2. Karane er i Barcelona! Nei, oransje må vere ein festfarge før faste! Synest vi må få gjere oss ferdige med vinterferien før det vert påske i butikkane. Høgtidene vert så lett oppbrukte på førehand!

    SvarSlett
  3. Herleg !
    Eg likar oransje.
    Mykje fine klede i den fargen i butikkane no, kjenner eg blir trekt mot dei :)

    Fin laurdagskveld, og god vinterferie !

    SvarSlett
  4. Oransje gir energi, men eg synest den gjer seg best på utbytbare ting som lys, puter og dukar. Vi treng nokre fargar når det går mot vår!

    SvarSlett
  5. Påskeegg m.m er alt å finne..
    ALT for tidleg ja!!
    Koseleg dekka bord!

    God Vinterferie :-)

    SvarSlett
  6. Oransje vegger fekk eg nok av på tidleg 80-tal. Oransje kan kombinerast med anna enn grønt og brunt ...

    SvarSlett
  7. Inspirasjon til en romantisk aften med fruen i kveld! Tusen takk!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...