tirsdag 7. februar 2012

Syttitalssmørbrød

No når vi har både smørbrødgrill og mikrobølgjeomn, vert det sjeldan at ein lagar seg ostesmørbrød i omnen. I går kveld stod det att nokre ananasringar etter ein salat som vart laga til middagen.  Det er kupp på store skinkepakkar på coop for tida, og riven ost har eg rikeleg av.  Plutseleg fekk eg så lyst på gamaldagse ostesmørbrød!

Ein smør først på eit lag med sennep.  På syttitalet var det vel ikkje lov å ta to skinkeskiver ... Oppå skinka legg ein ananas og ost.  Krydderet er paprikapulver.  Steik i steikeomn på 225 grader til osten har smelta. Det smakar ikkje så verst i 2012 heller!

2 kommentarer:

  1. Eg har dessverre ikkje ananas i hus, men det blir ostesmørbrød i omnen i kveld. Takk for påminninga!

    SvarSlett
  2. Eg tenker at kanskje fleire vert inspirerte til å lage det heilt enkle?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...