fredag 3. februar 2012

I bruktbutikken - igjen

Sist eg var innom bruktbutikken og kjøpte det grøne fatet, såg eg dette brune også.  Det er omtrent like stort. Og eg har 12 slike brune glasasjettar.  Onsdag var eg i gata, og då stakk eg like godt innom Brukt og billeg og kjøpte fatet.  Neste gong eg lagar marengsbotnar, kan eg ha ein i kvart fat og pynte dei forskjellig viss eg vil.

Det er det som er artig med bruktbutikken.  Ein finn delar av servise ein har frå før.  Kva som er fint og ikkje, er ei smaksak.  Det meste er vel brukande i rette omgjevnader.

2 kommentarer:

  1. Dei brune glas-asjettane fekk du av meg. Eg kjøpte dei i si tid på "Kristelig bokhandel" her i Ø. Det er så rart med det, når ein finn noko som ein ikkje ventar seg på ein butikk, er det lett for at ein kjøper det. Slikt brun-gult glas har eg kjøpt litt av her, det er ikkje så mykje farga glas i handelen elles.Fat og asjettar tek ikkje all vedas plass heller. Kjekt å ha.

    SvarSlett
  2. Ja, desse kan stablast i høgda!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...