torsdag 26. januar 2012

Tupperwaretrøbbel?

 På 80- og 90-talet investerte eg i ein haug med tupperware.  Nokre av produkta er i dagleg bruk.  For eit par år sidan sprakk brødboksen, så eg kjøpte meg ein ny.
 Sist eg vaska mjølboksen min, greidde eg å øydelegge litt av den blanke plasten.  Så kvar gong eg let opp boksen, dett loket bakover.

Sjekk forresten 2 1/2 dl-målet.  For kvar dl væske ein bruker i ein gjærdeig, går det med 2 1/2 dl mjøl.

Ein kollega fortalde meg at ho skulle i Tupperwareparty.  Eg var snar å legge inn ei bestilling via henne, så slepp eg å fare sjølv.
Det var nokon som ymta frampå om at ein kan kjøpe delar.  Dessutan er der livstidsgaranti.  Eg synest at så mykje som eg bakar, så kan eg unne meg ein ny mjølboks annakvart tiår!  Berre sjekk slitasjen!

4 kommentarer:

  1. Veldig kjekt med den garantien, berre lever inn den gamle, så får du ny. Eg har gjort det med ein matboks.

    SvarSlett
  2. Vår beste tupper er eit fat/skål med to botnar. I den øvste botnen er der hol. Vi brukar den til fisk, så renn vatnet av. Den er eitt av dei mest brukte tinga vi har.

    SvarSlett
  3. Tupper er tingen. Dyrt og bra! Har same mjølboksen sjølv.

    god helg :-)

    SvarSlett
  4. Eg har ein god del. Ikkje all vert like mykje brukt. Men noko er i bruk kvar dag.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...