tirsdag 28. juni 2011

Mjølkesuppe

I forgårs kom fiskaren heim med to langer.  Vi salta på dei og serverte dei til middag i går.  Medan eg sette på potetene, kom eg på at det hadde vore godt med ei mjølkesuppe til.  Eg laga havresuppe i full fart.  Eg var i tvil om eg skulle legge ein så "kjedeleg" rett ut på bloggen.  Men så kom eg fram til at ein kanskje burde servere slik norsk tradisjonsmat av og til.  Dette er mager og mettande mat.  Kanskje norske ungdommar skulle ete dette i staden for pizzadressing og anna feit mat som industrien lokkar på dei?  Oppskrifta er henta frå Den rutete Kokeboken.

Havresuppe
10-15 svisker/1 dl rosiner
5 dl vatn
1 1/4 dl havregryn

5 dl mjølk
1/2-1 ts salt
1/2-1 ms sukker

1. Kok tørka frukt og havregryn i vatnet ca 5 minutt.
2. Ha i mjølk, salt og sukker.  Varm opp.

Suppa gjekk unna her sjølv om nokre heller ville hatt risgryn i staden for havregryn.

4 kommentarer:

  1. Har spist mykje havresuppe i mitt liv, men likar betre risengrynssuppe. Best likar eg surmelksuppe, laga av surmelk+ kveitemjøl+søt mjølk+ rosiner. Smakar nesten som rømmegraut.

    SvarSlett
  2. Einig. Det får bli ein annan dag. Havresuppe er enklast og raskast.

    SvarSlett
  3. Eg brukar å lage graut eller suppe når eg har restar av middagsris.Det går heilt fint-særlig suppe.

    SvarSlett
  4. Dette fekk eg lyst på. Bra du skriv om slike enkle rettar også. Vi (vel, Ole og eg)et ein del havregraut, men suppe kjem eg ikkje på å lage. Ha ein fin dag!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...