søndag 15. mai 2011

Sukkerbrød

Det er midt i mai.  Det er eksamenstid, og det er tid for baking.  Klasse 10 A har kome opp i engelsk skriftleg.  Eg les gjennom førebuingsmateriellet for å legge ein slagplan.  Innimellom bakar eg til 17. mai. Korpset skal ha to festkaker.  

Idrettseleven har kome opp i matematikk skriftleg.  Journalisten skal ta engelskeksamen i morgon på Høgskulen i Volda.  Jusstudenten sit i hovudstaden og les til sine eksamenar.  Forfattaren skal halde tale 17.mai i Leikong.

Det var ein som orda frampå her om at ein ikkje burde lage kaker til å gi vekk utan å lage kake til å ha heime.  Ein får vel utstyre gjengen med 17-mai-pengar slik at dei kan oppsøke eit "matsal".

Utgangspunktet for ei tradisjonell blautkake, er eit godt og luftig sukkerbrød.  For å få til det, må ein piske ein luftig eggedosis.  Den tida eg berre hadde handmiksar, syntest eg det var vanskeleg.  I Kenwooden går det som ein draum.

Eg har prøvd å lage sukkerbrød med berre kveitemjøl, men eg vender alltid attende til denne oppskrifta med potetmjøl som eg har skrive på maskin ein gong for ca 25 år sidan.  I dag laga eg eit sukkerbrød på 26 cm.  Då tek eg 5 egg og bruker 24 cm oppskrifta og er litt raus med måla. Egga mine var nok XL, så eg kunne nok brukt berre 4.


22 cm
3 egg
1 1/4 dl sukker

1 1/4 dl kveitemjøl
3/4 dl potetmjøl
1 1/4 ts bakepulver

24 cm
4 egg
1 1/2 dl sukker

1 1/2 dl kveitemjøl
1 dl potetmjøl
1 1/2 ts bakepulver

28 cm
6 egg
2  1/4 dl sukker

2 1/4 dl kveitemjøl
1 1/2 dl potetmjøl
2 ts bakepulver

1. Pisk stiv eggedosis av egg og sukker.  
2. Sikt på det tørre og vend det forsiktig inn i eggedosisen.  Bruk slikkepott.
3. Steik sukkerbrødet på 175 grader i ca 45 minutt.

2 kommentarer:

  1. Dette er om lag same oppskrifta som eg brukar, men i mi er det 2 dl sukker. Så søt treng den ikkje vere!
    Har lært av ei veninne at viss ein skal lage sukkerbrød til diabetikarar, kan ei halvere sukkermengda og ta eit egg ekstra.

    SvarSlett
  2. Viss ein har dårleg miksar, er det og eit triks å ta eit ekstra egg...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...