fredag 13. mai 2011

Latmannslasagne

Lasagne er populær mat i heimen.  Men det er ofte litt styr når ein skal lage til mange i full fart.  Ein skal ha store og gode former slik at den ikkje kokar over.  No har eg funne ei lettvint løysing, nemleg rett-i-gryta!  Eg fekk yngstemann til å steike kjøtdeig og løk medan eg laga ostesausen.  Så tok eg over og fullførte.  Då eg skulle legge sausane og lasagneplatene lagvis, tok eg berre ut halvparten av sausen og hadde det i eit litermål.  Som de ser, vart gryta mi temmeleg full, men som ein uttrykte det: Eg kan godt ta litt til kvelds og.
Eg bruker ikkje oppskrift på lasagnesaus.  Det vert til at eg tek det eg har av grønsaker.  Eg kallar ofte bolognesesaus for ein "rydderett".  Eg liker å ha mange ulike grønsaker i kjøleskåpet, så då er det lurt å lage slike rettar der det går med ein del.  I dag laga eg saus av:

3 store løk, finhakka
2 pk kjøtdeig
2 boksar hermetiske tomatar
1/2 glas tomatpuré
2 paprika
3 stilkar stilkselleri
4 gulrøter, finrivne
2 ts buljongpulver
2-3 ts pizzakrydder
salt og pepar etter ønskje (eg bruker lite salt)

Ostesaus:
1 l mjøl
2 - 2 1/2 dl kveitemjøl
pepar (det er salt i osten)
riven ost etter ønskje

Eg vispar berre saman mjøl og mjølk og rører til sausen kokar.  Så får den koke på svak varme nokre minutt til eg har i osten.

ost på toppen
litt riven parmesan om du har

Korleis ein legg laga?  Eg startar med kjøtsaus+plater+ostesaus+plater+kjøtsaus+plater+ostesaus og ost på toppen.

Steik i ca 20 minutt på 225 grader til osten har fått fin farge.

Denne oppskrifta vart det nesten 4 liter lasagne av ...

3 kommentarer:

  1. Eg lagar vanlig kvit saus til Lasagne, og drysser ost mellom laga. Sausen treng ikkje koke noko særlig når den skal steike etterpå. Eg har gått over til å lage stor porsjon i "gull-langpanna" mi, den er det høge gode kantar på. Har minst tre lasagneformer, men den vesle langpanna passar mykje betre til platene. Korleis gjer du det med platene i ei rund gryte? Eg startar med litt kvit sausi botnen + plater, då blir retten fastare, slik eg vil ha den.Kvar sin måte...

    SvarSlett
  2. Eg knekk platene og tilpassar dei. Det må ein gjere i firkanta former og. Elles ser eg at det ofte står at ein skal begynne med kvit saus. Eg kuttar ut smøret i den kvite sausen sidan eg skal ha ost i.

    SvarSlett
  3. Når eg brukar "gullforma" mi, slepp eg å knekke ei einaste plate, det er det eg likar så godt med den

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...