onsdag 4. mai 2011

Ei banane?

Ein skal ikkje gå rundt å irritere seg over alt muleg.  Men eg må seie eg ikkje liker plakatar med "Skill oss ikke - vi har vokst opp sammen".  Skal det ikkje vere muleg å kjøpe seg ein banan eller to? Det kan ein no gjere med anna frukt? (Eg veit at banan er eit bær!) Alle bananane var pakka i plastposar då eg var i butikken i går.  Endå ein ting å irritere seg over.  Eg puttar aldri bananar i plastposar, viss eg då ikkje tek desse einslege og para som ligg att.

Vel heime ser eg poenget.  Det er bananar for born!  Inni posen ligg det ein pose med strikk til å ha rundt handa og samle på.  Flott, tenker eg!  No kan born få noko attpå bananane, ikkje berre på oversukra såkalla frukostblandingar.

Her på Sunnmøre er det eit dialektskilje mellom en(j) banan og ei banane.  Opphavleg sa ein enj banan på Hareid, men no trur eg det er ei god blanding.  Eg seier ei banane, og trur det kjem frå Ørsta?

6 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Nesten heilt sikker på at eg i fjern fortid med utgangspunkt frå indre fjordbygder ville ha sagt/skrive: ei banane/banan - bananå/banana - banane/bananer - bananane/bananene...
    Eg har også vondt av KIWI sin variant med eple i ferdigpakka posar - det ryss i høld i "helgefruktarbeidaren"...

    SvarSlett
  3. Eg meiner eg seier ei banan-utan e til slutt. Eg seier i alle fall EI.
    Vi plar kjøpe ein klase bananar og legge i ei skål på kjøkkenet der dei får modnast. Kjøper ein fullmodne bananar, varer dei ikkje lenge.Vi brukar ofte banan på skivene i staden for syltetøy.

    SvarSlett
  4. Både eple og bananer bør handterast forsiktig. Å pakke dei i posar er ikkje noko pluss, nei. Eg derrar alltid bananane frå bandet.

    SvarSlett
  5. Vi seier banan i hokjønnsform, men skriv hankjønn. Trudde det skulle vere slik med avis også, men lurer på om det er hokjønnsord?
    Ser at Rema har bananer i pose som er mykje billegare. Eg kjøper det aldri, veit ikkje heilt kvifor...
    Håpar du ikkje har gløymt bjørnebærterta?

    SvarSlett
  6. Guilty as charged ...

    For meg er avis hokjønn, også for ordlista ser eg ...

    Reddar skal det stå der oppe ein stad...

    Spørs om det vert baking med det første - eg er i grunnen kakesvolten, då, men....

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...