lørdag 14. mai 2011

Bok 25: Tilgi meg

"Krimhelten" i denne romanen er fjernsynsreportaren Wendy Tynes. Vi kjem rett inn i handlinga då ho "outar" ein mann ho meiner ho har bevis for at er pedofil.  Ho troppar opp med eit TV-team.  Ei ung jente har forsvunne.  Nokre studiekameratar av den pedofile har og fått skuldingar mot seg, utan at nokon av dei er dømde.  Er dei skuldige eller uskuldige?

Den pedofile, om han er det, vert skoten utan at ein finn liket.  Wendy får sparken.

Det er alltid eit pluss for ein krimroman at ein får innsyn i "krimhlten" sitt privatliv, og at det vert fletta inn i historia, meiner no eg.  Wendy sin mann vart påkøyrt av ein fyllekøyrar for fleire år sidan.  No er ho sett fri og sender Wendy brev.  Wendy opnar dei ikkje.

Roman stiller mange spørsmål om å tilgi.  Ei som tilgir, seier at ho gjer det for si eiga skuld. Wendy greier ikkje å tilgi fyllekøyraren, men er på gli når svigerfaren gjer det.

Harlan Cober skriv godt.  Eg liker språket, og eg set pris på sarkasmane.  Og eg liker slutten på romanen.  Derfor har eg vore inne og gitt den 6 stjerner.

2 kommentarer:

  1. Dette er ei god bok, ingen tvil om det. Men eg har lese så mange som liknar...
    Ser på nettet at det har kome ei ny bok av Mo Hyder som heiter "Hud."

    SvarSlett
  2. Spørs kven som får tak i den først!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...