tirsdag 17. mai 2011

17.mai

Også i dag hadde eg tenkt ut eit par alternative overskrifter som Come rain-come shine eller Sur syttandemai. I det siste tilfellet ville eg ha påpeika at folk tok det sure veret med godt humør.
 Også i år tok eg oppstilling på fast plass.
 Eg sneik meg inn på bedehuset i staden for å følgje toget heilt fram på bana.  Skorne var gjennomvåte og kroppen kald.
 På ettermiddagen gjekk turen til Leikong.  der var det tradisjonell syttandemaifest med godt program.  Alle skuleborna stilte opp til allsong.  Seinare song eit par jenter duett og solo.
 Årets syttandemaitalar.
Salen var full.  Når både korps, skuleborn og kor er i aktivitet, er ein sikra publikum.  Etter mi meining er det kjekkast å feire syttandemai i små bygder.  Då tenkjer eg t.d. på Hjørungavåg der eg var lærar i fleire år.

No har det skine opp ute. Eg har trekt i kvardagskle.  Det var godt å få på seg tjukkelestar.

2 kommentarer:

  1. Vi hadde lyst å fare til Leikong i dag, ofte kjekkast på små stader 17.mai. Men eg var berre så elendig. Etter ein dag med mykje ro og varme er eg mykje betre. La meg iført ulltrøye og ullestar med dundyne på varmeteppe. Trur det gjorde godt. Her inne var det snø i dei høgste fjella.

    SvarSlett
  2. Eg var sår i halsen då eg vakna i går, og det gjorde det ikkje betre å bli blaut på beina. Men eg har fullført førebuingsdagen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...