fredag 18. mars 2011

I dag vart ho mi

I fjor sommar var der to slike raude, emaljerte støypejernspanner på sal i byen, ei rund og ei oval.  Før eg bestemte meg for å slå til, var den runde vekk.  Prisen på denne vart sett opp att.  Eg har sett på slike panner i Oslo, der dei er dyre, og i London, der prisen låg på ca 70-75 % av prisen i Noreg.  Førre veke starta salet igjen.  I dag hadde eg bestemt meg for å kjøpe denne panna om eg fekk ho til sommarpris.  Ho var berre litt nedsett, men eg sa at eg angra på at eg ikkje kjøpte panna i sommar til tilbodspris.  Heldigvis var seljaren så lur at ho sa at om eg ville ha panna, skulle eg få den til den prisen.

No har eg lese bruksrettleiinga, og gler meg til å ta panna i bruk.  Det er berre ein ting eg lurer på, og det er kva toppa på loket er laga av.  Det kunne vere laga av ein plasttype som tolte 190 grader, eller eit metall som toler høgre temperaturar.  Eg synest det er litt "klang" i det.  Er det nokon som veit?

4 kommentarer:

  1. Eg hugsar denne gryta frå salet i fjor, då vi var på Amfi i Ulsteinvik. Eg får berre gratulere deg og håpe at du får glede av den. Du gjorde i alle fall eit godt kjøp reint økonomisk! Toppen kan eg ikkje hjelpe med, men der følgde vel med ei "bruksanvisning" ?

    SvarSlett
  2. Der stod alternativ. Eg ser enkelte brukar slike til brød, men eg trur uansett at eg ikkje kjem til å gjere det, for det ser ut til at det tek på gryta. Ein vil no helst ha den fin. Og til gryterettar i omn, er 190 grader rikeleg. Så eg trur ikkje det er noko problem. Elles kan eg no spørre ein gong ein ser dei i ein butikk, om då ikkje ein blogglesar veit svaret.

    SvarSlett
  3. Raudt passar ikkje lenger på vårt kjøkken-eg måtte hatt mørkeblå t.d. Grønne gryter har eg aldri sett.

    SvarSlett
  4. Dei finst i alle fargar, lilla t.d. eplegrøe, gule , men også i svart. Då synest eg litt av vitsen er vekke.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...