tirsdag 22. mars 2011

Pelargoniastiklingar

Her kjem eit steg-for -steg innlegg for dei som ikkje har laga stiklingar før.  
 Nokre av blogglesarane hugsar kanskje den nydelege pelargoniaen til Lappetausa.  På seinsommaren sende ho meg ein stikling som no har overlevd vinteren.  Eg hadde sett ein ispinne i potta for å skilje denne planten frå dei andre.
Når eg skal "lage" nye plantar, legg eg ei avis i vasken og tek fram ein eingangshanske eller to.  Då er det berre å brette saman og kaste avisa med alt rotet i etterpå.
Her har eg skore av ein høveleg del av planten.  Dei største blada fjerna eg.
Så sette eg stiklingen i rosa (!)ei potte med mold i og vatna godt.
Plastposen verkar som eit minidrivhus.  Den kan ein fjerne etter ei veke eller to.
Morplanten står ribba att, men det varer ikkje lenge!  Og eg har fem nye plantar.  Ein annan blogglesar eller to har tinga "avleggar".  Den eine har eg fått tilsvarande raud plante med.

5 kommentarer:

  1. I år skal eg "lage "alle mine planter som skal stå på trappa,he mange sorta pelargonium,men mangla "din" :-)
    kanskje eg he noke du vil ha?

    SvarSlett
  2. Eg fekk raud med deg i fjor, så no har eg laga rosa til deg.

    SvarSlett
  3. Eg hadde tre pelargoniar i fjor sommar, og alle tre har overlevd vinteren.Kanskje eg skal prøve meg på avleggarar i år? Pelargoniaen som eg fekk av deg lever i beste velgåande, men blomstrar ikkje så mykje lenger-kanskje kjem det meir blomster etter kvart.Eg har den på datarommet, der er ikkje så varmt som i stova.

    SvarSlett
  4. Ei dame i klubben her gjer det på same måten som deg. Eg skal prøve det same, for gamlemåten med vatn fører gjerne til rotning. Morplanten min hadde ein fæl skjebne rundt juletider, han stod heilt mørkt og til dels med minusgrader på eit gammalt kjølerom, var sikker på at han hadde stroke med, men no står han med masse skudd. Eg har ikkje klipt så langt ned som deg. Kanskje eg skal setje nye stikningar av dei nye skudda, og så klippe heilt ned?

    SvarSlett
  5. Ver ikkje redd for å klippe! Dei veks fort!
    Forvokste plantar som ikkje har fått vårklipp, vert kanskje dei "styggaste".

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...