lørdag 26. mars 2011

Besta og Besten på besøk

 I dag ringte Besta frå Blåhuset. Dei var på laurdagstur, og det passa bra med ein tur over Eidet. No var det ikkje eg som skulle ha blomster i dag.  Denne rosa  flamingo(?)planten som eg fekk i dag, har eg sett mellombels på kjøkenbordet.  Dei grøne plantane som har stått der ei stund, trivst svært godt.  Er det "dagslys" i slike sparepærer?
Denne krimboka gler eg meg til å lese.

Blogglesarane skimtar kanskje veret i bakrunnen på plantebildet.  Skal tru om vi får tilsvarane mange somrar?

2 kommentarer:

  1. Og vi kan berre takke for ei koselig stund. Håper vi ikkje skipla laurdagsprogrammet dykkar for mykje.

    SvarSlett
  2. Triveleg med besøk. Laurdagane er dei dagane eg tek mest "fri". Eg vaskar litt, og gjer det som fell meg inn. Søndagane vert det gjerne litt jobb. Denne helga er det korpskonsert, og frøkna måtte øve i heile dag.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...