søndag 6. mars 2011

I'll be back

 Vi har fått sett og gjort mykje, men vi har og mykje til gode.  Når det kjem direktefly frå Vigra vert reisa mykje enklare.  I dag hadde vi spart 1 1/2 time om vi hadde parkert bilen ved flyplassen.  No når tunnelane er gratis, så er det ikkje sikkert det hadde vore dyrare heller.  Elles gjekk reisa greit.  Litt stress vart det på Gardermoen.  Vi fekk beskjed om å løpe, og det gjorde vi, eg utan sko.  Men vi rakk flyet.

I dag viser eg berre fram nokre suvenirar.  29. april er det kongeleg bryllaup.  Kanskje vi får nyte denne teen i denne koppen?
 Denne tekanna kjøpte eg for fire pund i Notting Hill.  Viss de ser nøye på bildet derifrå fredag, ser de ei dame som står og ropar med fire fingrar i veret.  Alt kosta fire pund.
 Noko å sette varme panner på, er ein nyttig ting.  Den skal frøkna eige.
Mind the gap!  Dette får ein høyre nokre gongar i løpet av ein dag når ein tek T-banen.  At tydinga må vere like tvetydig som ein anar, forstår ein når uttrykket vert vitsa med på musikalar og trykt på handdukar.

Dette får vere dagens livsteikn.  Eg kjem tilbake med meir London-stoff etter kvart.

4 kommentarer:

  1. London er fantastisk, og souvenirane likeså. Britane verkar nesten litt respektlause når det gjeld kongehus og flagg, som kan brukast til det meste. Klesplagg med "Mind the Gap" er min favoritt, men eg har aldri kjøpt det. Litt for Harry, kanskje - både i norsk og britisk tyding.

    SvarSlett
  2. Handdukar med flagg vert "too much" for meg. Eg skal gi desse til eldstemann. Dei har herrehanddukstorleik. Kanskje nokon kan forklare meg kva barhandduk er?

    SvarSlett
  3. Fin tur og mykje å sjå!!
    29. april er det kongeleg bryllaup og fødselsdagen min,artig!:-)

    SvarSlett
  4. Morsomt innlegg! Kjenner igjen alle forboda og oppmodingane frå besøk til London, ja! Synest den tekanna var morsom. Har sans for "the double deckers"! Ha ein fin dag!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...