fredag 18. mars 2011

De heite jutub!


Som lærar vert ein også retta på.  Kor mange gonger eg har fått høyre at det heiter baguettar, ikkje bagettar, har eg ikkje tal på.  Det har nok vorte mindre etter kvart, men sist eg var på ferja, stod dama i kiosken og reklamerte for baguettar.

Men så var det dette med uttalen av YouTube.  Eg la problemet fram for neste klasse eg gjekk inn i.
- Eg veit ikkje, men eg seier jutub, kjem det frå ei.
- Vi kan no stemme over det, kjem det frå ein annan.
Så vender ein seg til dei som sit med faktakunnskap.
- I Amerika seier dei jutjub!
Han får støtte frå ein annan som har vore i USA.
- På norsk heiter det jutub, meiner ein annan.

Etter denne diskusjonen, høyrer eg med gjengen heime.  Tenåringane seier jutub medan engelskstudenten held seg til den engelske uttalen jutjub. J-en er ikkje så veldig tydeleg.  Korleis det er elles i landet, veit eg ikkje.

Eg konkluderer berre med at ein ikkje bør rette på andre utan at ein veit ein sjølv har rett.

Engelsken snik seg inn.  Det eg liker minst er samanroting.  Euronics gjekk det lang tid før eg gjekk med på å uttale som på reklamen.  Det skaper forvirring.  Korleis skal ein uttale butikknamnet E-design?

OK, verst i veka var ho som bad oss brette opp armane.  Eg ser det for meg.

3 kommentarer:

  1. I amerikansk uttale kuttar dei gjerne j-en før lang u som i uttalen av New York (nu: jårk) og news (nu:z)og derfor også i tube. Men ingen regel utan unntak, dei uttalar framleis cute med j (kju:t). I britisk uttale held ein på j-en, så elevane må ha teke feil om skilnaden mellom nasjonane. Elevar gjer det av og til.

    SvarSlett
  2. Vi "språklærarar" er vel meir enn vanlig opptekne av å uttale ord rett, anten det gjeld norsk eller andre språk. Eg blei retta på ein gong eg bestilte entrecõte med bernaise, og uttalte det rett.Elevane retta på meg når eg sa bagett osv.Pommes frites blir oftast uttalt påmmfri osv. For meg er det naturlig å uttale j i You Tube, men så har eg ikkje vore i Amerika heller.Synest kokken i "Fire stjerners middag" var god då han ein kveld roste deltakaren for at han uttalte fennikel rett, men dagen etter sa han sjølv fenikkel(som er feil).Mine elevar ville også stemme over kva som var rett- og ørten gongar forklarte eg at det var ikkje slik det virka.Det finst ordlister med lydskrift, nemlig.

    SvarSlett
  3. I ordlista er j-en med, men det er vel britisk-engelsk som er rett. Då kan vi vel konkludere med at begge deler er rett! Grei oppklaring!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...