tirsdag 1. mars 2011

Valuta for pengane

 Delar av dagen i dag vert brukt til reiseførebuingar.  Allereie søndag var eg i minibanken.  Det har vorte lettvint å reise.  Flyet vår går via Gardermoen, men seinare i månaden går der direktefly frå Vigra til London.  Før var det eit styr å veksle pengar.  No har dei valuta i minibanken i ei lita bygd som Hareid.

Eg har stort sett slutta å gå rundt med kontantar.  Det har eg lært av ungdomane.  Dei synest ikkje det er noko rart i å dra kortet for ein femtilapp.  Men når eg skal ut i verda, verkar det trygt å ha kontantar.
 Eg kan ikkje gå rundt med lommeboka mi i sidelomma på kåpa slik eg gjer heime.  I dag investerte eg i ei tynn mageveske til pass og pengar.  Den vesle kan ein ha på innsida av buksa med kort og pengar i.  Dette betalte eg 70 kroner for på Nille.
På Prix kjøpte eg "karamat" og kattemat.  Ein av dealane denne månaden var å kjøpe seks hamburgarbrød og få to biffburgarar på kjøpet.  Her vert det eit misforhold.  Så anten får huspassarane leve på hamburgarbrød i staden for anna brød, eller så får dei lage sine eigne hamburgarar av kjøtdeigen som ein denne månaden får attpå tortilla.
På apoteket kjøpte eg hovudverkstablettar.  Berre eg har dei i kofferten, får eg ikkje hovudverk.  Dagens økonomitips får vere å ta med store sjampoflasker med litt sjampo på botnen.  Dei kastar ein sjølvsagt i utlandet, og så får ein ledig plass i kofferten heim.

Kva skal vi gjere på i London?
Laurdag har vi billettar til Fulham-kamp.  Eg har lova mi venninne M å ta sightseeingbuss rundt i byen.  Eldstemann seier at vi må fare til Soho å ete middag frå ulike land og verdsdelar.  Elles så må vi no traske rundt i bykjernen og sjå det meste utanfrå.  Men kvar skal vi gå inn?

Blogglesarane må gjerne kome med tips!

4 kommentarer:

  1. Kos deg på tur
    Her i huset planleges det bryllup: Johan neste helg

    SvarSlett
  2. Viss du skal til Notting Hill, må du gå inn på Books for Cooks, som er ein bokhandel med berre kokebøker. Der er ein kafe i butikken med gode kaker!! Eit av mine beste minner frå London! Dessutan elskar eg dei store bokhandelane med mange etasjar og Starbucks kaferar! Ha ein god tur!!

    SvarSlett
  3. Ikkje så langt dit, seier guiden. Han har ikkje vore der før, så det var eit godt tips! Han har bokhandelar som favorittbutikk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...