søndag 20. mars 2011

For den kresne?

Det er stor skilnad på egg.  Eg er så heldig å ha ein eggavtale.  Når hønene kjem ut og får ete gras, er egga på det beste.  Men så er det dette med koking.  På gamlekomfyren min hadde eg stoppeklokka på 4 1/2 minutt. No bruker eg anna plate og ofte andre panner med meir plass.
Så då eg såg denne oppfinninga, vart den med meg heim.  Etter kvart som egga vert kokte, skiftar dingsen farge.
Slik vil eg ha egget mitt.  Gulen og litt av kviten skal vere blaut.  Her er det berre å finne sin strek på dingsen. Enklare kan det ikkje bli.  Prisen var det ikkje noko å seie på: 20 kroner på Nille.

4 kommentarer:

  1. Sånn ønsker eg meg til bursdagen min ! Eg er ikkje flink å koke egg !

    SvarSlett
  2. Eit beskjedent ønske, men det er notert!

    SvarSlett
  3. Og den fungerar, gong etter gong? Smart om so er!

    God søndag :-)

    SvarSlett
  4. Ja, no er den raud att og klar til bruk. Reknar med den vert mykje brukt framover.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...