mandag 21. mars 2011

Bok 13: Krim frå Öland

Etter å ha lese eit par vanlege romanar, unnte eg meg ein krimroman igjen.

Dette er første boka av forfattaren.  Her er ingen krimhelt.  Dei som løyser mysteriet, er nokre gamle menn som begynner å rote i fortida.  Bestefaren til ein gut som forsvann for 20 år sidan, får skoen hans i posten.  Mor til guten, Julia, held på å drikke seg i hel.  Ho har permisjon frå sjukepleiarjobben sin.

Historier frå fortid og notid er fletta saman, og til slutt får vi ei oppklaring, noko av den hadde vi forventa, resten kjem overraskande.

Forfattaren skriv godt.  Han skildrar samfunnet og personane på ein interessant måte. Ein vert hekta.  Eg las (høyrde - eg gjorde mykje praktisk arbeid - så fekk eg sagt det og) halve boka laurdag.

Då eg skulle sjekke kva neste bok i serien heitte, oppdaga eg at den låg på datamaskina mi.  Knausgård får vente litt til.

Les gjerne meir om boka på Bokkilden.

5 kommentarer:

  1. Eg har lese tre bøker av denne forfattaren, men er ikkje så begeistra som du. Det blir for mykje spøkelse og overtru for meg. Men eg les bøkene fordi eg har vore på Øland, og eg ser landskapet for meg-også fordi forfattaren skildrar det godt.
    Bøkene til denne forfattaren er populære, men ikkje heilt min smak.

    SvarSlett
  2. I denne boka var verken spøkjelse eller overtru!

    SvarSlett
  3. Eg hugsar den ikkje så godt, det er lenge sidan eg las den. Men eg ser for meg Alvaret i skodde.

    SvarSlett
  4. Leitte den opp att på bloggen, og då såg eg at eg hadde likt denne boka, så då må det vere nr.2 eg ikkje likte.Ja, ja,eg skreiv at den minte om dei islandske krimbøkene som eg likar så godt. Arnaldur Indridason, veit du.

    SvarSlett
  5. Ja, det er noko med tempoet og personane, men eg trur det er nye i kvar bok. Eg har ikkje kome i gang skikkeleg med den.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...