torsdag 23. desember 2010

Solveigs skjulte sider

I fjor hadde eg ein periode eg dreiv og strikka vottar.  Desse to para fann eg i skåpet.  Dei vart ikkje ferdige til vi skulle i barselvisitt hos dei tamilske naboane våre.  No har eg sett band i det raude paret og tova det.  Det kan ikkje ha vore på same programmet som det grøne.  Men varme må dei ha vorte.  Eg møtte gjengen på veg heim frå barnehagen ein dag det var kaldt.  Vi kom i snakk om vottar.  Ho har så lyst til å lære seg å strikke, seier ho. Men vi har det så travelt.  Kva skal ein seie?  At eg ikkje kan drive med "privatundervisning" oppå full jobb, er ein ting.  Men ho har tre små born som ho må passe.  Frivillegheitssentralen har vel innvandrartreff?

Då eg ga namn til bloggen, ville eg kallehan Solveig sine sider, men så kom det eit innspel frå sidelinja om at Solveig si side var betre.  No vil visst Samlaget innføre Solveigs side som nynorsknormalen.  Ein får berre merke seg det.  Problemet med denne forma er at mange blandar ho med engelsk Solveig's page. Sjølv angrar eg på namnet, men uansett så kjem eg til å vise ulike sider av meg sjølv!

4 kommentarer:

  1. Eg har leita huset rundt etter to par vottar som eg strikka i fjor. Kom ikkje så langt at eg tova dei, men no hadde dei sikkert kome vel med.Dei dukkar vel opp att ein dag.

    SvarSlett
  2. Eg held på å strikke meg kvite etter di oppskrift. Brukar minst ei veke pr vott.

    SvarSlett
  3. Her på Eid har frivillighetssentralen strikketreff for innvandrarkvinner ein gong i veka. Det er veldig populært og mange har lært seg å strikke der. Eit veldig bra tiltak. Den som kan å strikke, har det aldri keisamt!
    Ønsker deg og dine ei god jul!
    Tenkte på deg då eg kjøpte meg ein raud iittala-kopp her ein dag. Elin kjøpte grøn. Har du skaffa deg ein slik??

    SvarSlett
  4. Nei, men eg såg på dei i Ørsta i går. Kjempefine!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...