fredag 10. desember 2010

Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager

I dag har vi sett ferdig Kransen i 10A.  Eg ser den saman med elevar for tredje år på rad, og kvar gong ser eg nye sider.  Vi ser den på storskjerm.  I år har eg studert filminga og verkemidla sidan eg har historia friskt i minne.  Veret og naturen er flotte verkemiddel.

Kva er det som gjer at vi vert fascinerte av denne middelalderhisoria i dag?  For min del er det kjærleikshistoria.  Kristin bryt mange barrierer for å få Erlend.  Ho har mange sjansar til å trekke seg som til dømes då Eline dukkar opp.

Historia er spekka med visdomsord.  Her er mykje å filosofere over. Ein kan tolke filmen på mange plan.

Finst den store kjærleiken?  Likar vi å tru at han finst?  Er han noko garanti for at ein vil leve lukkeleg alle sine dagar?  Det siste veit vi som har lese heile trilogien at Kristin ikkje gjorde.  Men ho stod for vala sine.  Den som har drukke opp vinen og ølet, får leve på surmelk resten av livet, meiner eg Åshild sa.

Når Kristin bryt festarmålet med Simon, seier ho til han at han vart heller ikkje spurt. Slik er det for mange også i dag.  Arrangerte ekteskap er vanleg i store delar av verda. Her treng ein ikkje å gå ut av byggjefeltet vårt.  Eg tenkjer også på Prins Charles og Camilla.  Det er bra at  sonen får gifte seg med den han vil ha!

Filmen Kransen er ein flott film.  Ein får eit innblikk i norsk middelalderkultur.  No er filmen 15 år. Liv Ullmann har visst pensjonert seg.  Men burde ikkje ho og dei femten år eldre skodespelarane, som ein slepp å sminke eldre, lage ein storfilm av Husfrue og Korset?

4 kommentarer:

  1. Jau. det er synd at det stort sett er første boka i trilogien som blir lesen, spelt på teater og filma. Eg har sjølvsagt lese alle tre bøkene, men det er lenge sidan. Trur eg ville hatt vel så stort utbytte av å lese dei no. For som Undset sjølv sa, så er der mykje i eit menneskeliv som er universelt, og likt til alle tider.(Det var veldig fritt sitert). Synest det er feil at ikkje Undset er ein av dei 4 store. Både ho og Hamsun er "større" enn dei fleste andre.

    SvarSlett
  2. Markens grøde skal eg lese om att i jula, trur eg.. Las Sult i fjor.

    SvarSlett
  3. Artig at du skreiv dette innlegget same dag som vi hadde hatt det oppe som tema på jobb; kvifor kjem ikkje dei andre filmatiseringane? Og kvar blir det av andre filmatiseringar av store klassikarar? Kvifor satsar TV-kanalane på "Himmelblå" og "Hvaler" når dei har så gode "manus" å ta av?

    SvarSlett
  4. Her har dei i alle fall ein eineståande sjanse til oppfølgjar med fol som verkeleg har blitt eldre!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...