tirsdag 28. desember 2010

Byggrynskrem steg for steg

 Idéen til å lage byggrynskrem fekk eg på Frukost-TV.  Oppskrifta der var med 2 dl fløyte, så eg gonga den med 1,5, og laga den med ein pakke fløyte.  Det einaste som er vanskeleg med denne desserten, er at du må kome på å legge gryna i blaut kvelden før.
 120 g byggryn + bløytevatn

9 dl mjølk (Eg brukte H-mjølk.)
4 1/2 ms sukker
1 1/2 ts vaniljesukker
1 1/2 krm salt

1 pk fløyte
 Gryna skal koke 15 i bløytevatnet.  Sil av resten før du har i mjølka og kokar graut.  Eg venta med å ha i sukker og salt til slutt.  Koketid ca 45 minutt.  Lengre viss du berre set plata på 1 og rettar stilar.

Eg smakte på denne grauten for å sjekke om den kunne vere eit alternativ til risgraut.  Eg synest den var nydeleg.
Raud saus
2 dl saft
3 dl vatn
(1 ms sukker om safta di er heimelaga og litt sur)
1 ms potetmjøl

Bland saman alt i ei panne og kok opp.  Sausen er ferdig når du ser den første bobla.
Viss du bruker ein fin mugge, kan det vere lurt å varme han med å ha varmt vatn i han på førehand.

3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Skreiv feil, så eg sletta kommentaren.Har lyst å prøve denne desserten, den såg god ut! Bygg er kortreist mat, men det spørs om eg finn gryna på butikken. Sjekk saltmengda, forstår at du har gjort ein liten tastefeil.

    SvarSlett
  3. Då er 7-talet vorte til brøkstrek! Byggryn hadde dei på Prix. Eg fann byggris der og, ein dag eg leita etter noko anna!
    Elles freista det å lage byggraut.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...