mandag 22. november 2010

Kåseri

Vi les og skriv kåseri i 10.ande klasse for tida.  Alle er samde om at det ikkje er lett å vere morosame.  Sjølv har eg stor sans for Are Kalvø.  Eg har lese utdrag frå Våre vener kinesarane der han fortel om den dagen han åt Chop suey i Fosnavåg, Ulsteinvik og Hareid for å finne ut kvar han fekk bykjensle.

I dag las vi utdrag frå Syden. Men dagens høgdepunkt var då ein av elevane las Per Inge Torkelsen De e farligt med bøger på sørlandsdialekt.  Teksten finn de her.

Sidan det nærmar seg jul, har kanskje nokre av blogglesarane begynt å glede seg til, eller gru seg til, Grevinnen og hovmesteren.  Ikkje gjer det før de har lese denne teksten.

2 kommentarer:

  1. Are Kalvø er rett og slett GOD. Og både han og Torkelsen er svært intelligente. Kan ein såleis seie at ein likar INTELLIGENT humor? Harald Eia er også langt over middels, men eg har ikkje sansen for all humoren hans, Så.......

    SvarSlett
  2. Nei, men av og til vert det så gale at ein må flire. Eg storkosar meg med Storbynatt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...