tirsdag 28. januar 2014

Bok 5: Over det kinesiske hav

Denne boka har eg hatt liggande på datamaskina ei stund - sjølv om eg hadde fått den anbefalt. Det var kanskje rett og slett fordi den låg litt gøymd på Windows Media player, ikkje på I-tunes.

Romanen er rett og slett ei lita perle. Handlinga er enkel, men interessant.  Først i etterkant las eg at den er basert på verkelege handlingar, noko eg hadde ei kjensle av.

Foreldra til forteljarstemma i romanen bestemte seg etter krigen for å lage sin eigen heim for såkalla åndsvake.  Mellom anna tek dei til seg ein søskenflokk på fem. Dette ansvaret har dei i nesten 40 år.Familien opplever og sine eigne drama.

Språket er lågmælt og vakkert. Det rører ved deg.  Han bruker oppattaking som verkemiddel, men utan store fakter.  Amerikanske bestseljarforfattarar har mykje å lære her, meiner eg.

Når årets bok 2014 skal kårast, kjem denne romanen høgt opp.  Det er ei kort bok, så eg kan trygt anbefale den til alle, også dei som kvir seg på lange romanar.

3 kommentarer:

  1. Dette er den tredje romanen eg har lese av Gaute Heivoll. Dei to andre er "Før jeg brenner ned" og "Kongens hjerte". Veit ikkje om du har lese dei, men "Før jeg brenner ned" er ei av dei aller beste bøker eg har lese. Også den bygger på ei verkelig hending.

    SvarSlett
  2. Eg trur eg berre har lese Kongens hjerte.

    SvarSlett
  3. Då har du den beste til gode!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...