Til 10 brød (5 plater) Eg laga halv porsjon og 4.
50 g gjær
50 g smør
5 dl mjølk
2 ms (ss) lys sirup
2 ms støtt anis (Her brukte eg 2 ts malen. Eg trur dei meiner 2 ms frø)
1 ts salt
ca 14 dl kveitemjøl.
1. Smuldr gjæren i bakebollen.2. Smelt smøret og ha i mjølka. Varm til 37 grader.
3. Ha væska over gjæren.
4. Ha i resten av ingrediensane og lat maskina kna deigen ca. 10 minutt.
5. Lat deigen heve under plast eller lok ca. 1/2 time.
6. Kjevl ut kakene. Ca 22 cm 1/2 cm tjukke.
Eg let mine heve 5 minutt før eg trykte dei litt større med hendene.
7. Hev ca. 25 minutt. (Set steikeomnen på 275 grader!)
8. Prikk kakene med gaffel (Det gløymde eg som de ser)og steik dei i ca. 5 minutt.
9. Avkjøl dei under ein handduk.
Familien likte godt baksten. Dei var lette, mjuke og gode. Ein annan gong kjem eg til å lage fleire og mindre kaker, slik der og er forslag om. Vi hadde omnsbakt sei til middag og smakte på desse til kaffien etterpå.