torsdag 30. mai 2013

Tid for raud penn

Åtvaring: Det er tid for tentamen og eksamen, og mange av oss går rundt med raud penn i lomma.
 I dag har vi hatt førerbuing til norsktentamen i åttande klasse.  Hovudtemaet har vore bruk av rettetast og ordliste.  Eg reknar med at det ikkje berre er eg som er lei av å rette vill til vil ...

Så kjem vi heim og skal lese avisa.  Kva skjer?  Denne framsida møter oss.  Her får ein ikkje hjelp av retteprogrammet fordi  farta er preteritum av å farte.  Bunden form av substantivet er farten.
 Inne i avisa møter vi ein regel som vi tok opp i dag, nemleg substantiv som endar på -ing.  Dei er hokjønnsord på nynorsk, men vert bøygd med -ar og -ane.  Dei har altså inga aning.
 Her er også ein type feil som får meg til å sjå raudt.  Substantiv vert ikkje bøygde i bunden form fleirtal i inkjekjønn.  Eitt minne, to minne, tre minne ...

Til slutt får eg seie som eg plar: Eg er ikkje ute etter folk flest.  Dei får skrive etter beste evner.  Men i aviser og bøker må folk møte god rettskriving.  

Solveig - frå glashuset.

7 kommentarer:

  1. Er vel ikke den som kan si at jeg
    alltid skriver helt riktig. Men jeg
    prøver. Og jeg er enig med deg i at
    aviser bør kunne skrive rett.
    Ønsker deg ei herlig sommerhelg :)

    SvarSlett
  2. "Inkjekjønnsorda får inga ending i fleirtal", lærte vi allereie på barneskulen."Det er nok med ein k i nok, aldri to l-ar i aldri, alltid to l-ar i alltid" osb. Slike hugsereglar er faktisk ikkje så dumme. Hokjønnsorda på Sunnmøre driv meg somme gonger til vanvidd; som nordfjording har eg eit betre dialektgrunnlag for å skrive rett.Men sjølvsagt skriv eg også feil. Somme gonger mot betre vitande. T.d. i dag skreiv eg beslaglagt, til tross for at eg veit at det nynorske ordet er kverrsett, eller noko liknande.

    SvarSlett
  3. Eg såg at kverrsett var diskutert i ei av dei siste utgåvene av avisa. Eg hadde ikkje forstått det utan den forklaringa. Eg trur Ivar Aasen hadde skrive beslaglagt.

    SvarSlett
  4. Fint at du minner meg på dette. Eg vil så gjerne skrive rett, me syns ofte det er vanskeleg.

    SvarSlett
  5. Og då må ein møte god rettskriving i avisene, er mitt poeng. Eg vart skikkeleg fornærma på ein bloggar sine vegne då eg såg ho hadde fått ei ordliste p.g.a. dårleg rettskriving.

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt einige, ein må rekne med at dei som har skriving som levebrød kan skrive rett.
      Mannen min kommenterer ofte dette når han les aviser. Eg ser ikkje feila like ofte...
      I bloggane må kvar få skrive slik dei kan og vil syns eg òg.
      God laurdagskveld !

      Slett
  6. Takk det same!
    Avisene bør ha korrekturlesar rett og slett ;-)
    Når du sit med store rettebunkar, vert det ekstra ille å opne ei avis med mange feil i. Og når overskrifta på fremste side, nei, no skal eg ikkje seie meir ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...