Russen er heldige med veret i år. No er husets russ innom ein times tid etter Høddkamp og før vidare feiring.
Sjølv har eg berre att å stryke eit par bunadsskjorter. Førre søndag tok eg tida på dette mykje omtalte arbeidet. Eg brukte 20 minutt på ei skjorte. For å ta best muleg vare på skjortene stryk eg dei kvelden før bruk og legg dei i Blendavatn kvelden etter bruk.
Då vil eg ønskje alle blogglesarane ein god 17-mai!
Eg har same rutine som du med skjortene.
SvarSlettDynkar dei, legg dei i ein plastpose og legg dei i kjøleskapet nokre timar før eg stryk.
Såg deg med elevar og tantejenta mi (lærar) i halv titida i dag då eg henta svigermor for handletur :) Du hadde på deg ein fin gensar eller var det vesten ?
Ynskjer fin feiring av 17 mai !
Raud jskke utanpå vesten. C hadde siste vikartimen i dag. No skal ho konsentrere seg om eksamen. Vi plukka rusk. Det ligg an til å bli ein flott dag i morgon.
SvarSlettSame kor mykje arbeid ein legg i strykinga, så er skjotene skrukkete etter ei lita stund. Trur aldri eg har stått og stroke på samme skjorta i 20 min. Men så er eg heller ikkje kjent for å vere så nøye på det.
SvarSlett