lørdag 18. mai 2013

18. mai

 I dag har vi hatt ein fantastisk flott dag.  Det er herleg å starte dagen med frukost og kaffi i hagen.  Laurdagane har vi tid til å fordjupe oss i avisene.
 Eg arbeidde i hagen til eg fekk ei ekkel blemme som det gjekk hol på.  Rosene klipte eg tidlegare i veka.  Det var ikkje liv å sjå i fleire av dei.  I dag oppdaga eg til mi store glede at Aloha-rosene har overlevd vinteren.
 Rabarbraen veks raskt i varmen.
Til middag åt vi seibiff av fersk fisk. Far min kom både med fiskefiletar og malen fisk i går. No i kveldninga laga eg 6 kg blandabalj.  Eg frys baljen ned i høvelege porsjonar.  Då er det berre å ta han opp frå frysaren om morgonen.  Eg steiker flesk eller bacon før eg steiker baljen i same feittet.  Med kokt rabbe (kålrot) og gulrot er dette herleg mat etter ein lang arbeidsdag. Vi drikk surmjølk til.

Eg har oppdaga at det er få som har eit nøytralt forhold til blandabalj. Anten liker ein det ikkje, eller så er er det ein yndlingsrett.  Her i huset er det den beste måten å få i gjengen fisk på.

Oppskrift finn de her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...