mandag 6. mai 2013

Bytur

Ærendet i byen i dag var som vanleg å levere inn bøker på biblioteket.  Frøkna mangla også passar til ein komande tentamen.  Det vart til at eg kjøpte to ulike.  Det skal ikkje stå på utstyret.

På Mester Grønn hadde dei amplar til 100 kr.  Det vart freistande å ta med eit par heim.  I fjor hadde eg sterke fargar i pottene.  I år vurderer eg litt bleikare fargar.  Det er greitt å variere.  Eitt år gjekk alt i kvitt, blått og oransje.  Blomster er fint uansett, men det bør kanskje vere ein ide bak fargeval?

4 kommentarer:

  1. Amplar til 100kr var ikkje ille :-)
    Kanskje kulden har slept taket? Er lov å håpe!

    SvarSlett
  2. Gartnaren på Eid sa at ein ikkje skulle plante ut noko før 17.mai Så det held eg meg til, sånn nokonlunde. Alt eg har kjøpt av ampelblomster og hatt opp mot vegen, har fått ein brå død. Synd, for det er kjekt å ha noko fint som folk ser når dei går forbi. No ventar eg på å sjå kva som eventuelt har overlevd vinteren.

    SvarSlett
  3. I fjor kjøpte eg amplar til konfirmasjonen. Det gjekk heilt fint. Mine heng lunt til og får passeleg med lys. I skygge trur eg ein må satse på fuksia, tagetes og lobelia t.d.

    No trur eg på mildver fram til 17. mai!

    SvarSlett
  4. Eg hadde ein nydelig fuksia i fjor, den døde. Trappa vår vender mot nord, inngangen din mot sør, det er skilnaden.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...