søndag 12. mai 2013

12. mai

 I dag vakna vi ganske overraskande til nydeleg sol.  Naturen har vakna her.  I går såg eg at bjørka hadde sprotte, så då var eg snar å klippe rosene.  Eit par av dei såg dessverre noko halvdaude ut.
 Utover dagen skya det over.  Men det er relativt mildt.
 På kontoret til mannen fann eg ei krukke eg sette vekk i haust.  No har eg gløymt kva plante det er!  Eg har ei kjensle av at det er ein potteplante eg har fått i gåve?  Kanskje eg må til å leite på bloggen?
Blogglesarane trur kanskje at eg ikkje lagar mat for tida?  Det er sjølvsagt feil!  I dag leverte eg frå meg to karamellpuddingar og ei skål krem til ein konfirmasjon. Til familien gjorde eg det enkelt.  Dei fekk wok med byggryn og focaccia.  Til dessert var det jordbærgele, med jordbær i sjølvsagt, og vaniljesaus.  Elles laga eg to marengsbotnar og steikte på 100 grader i varmluft ein time.  Botnane står seg, så dette vart gjort som eit eksperiment.  Eg kan ikkje sjå nokon skilnad, men eg må ta det atterhaldet at eg ikkje har smakt dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...