torsdag 16. mai 2013

16. mai 2013

Russen er heldige med veret i år.  No er husets russ innom ein times tid etter Høddkamp og før vidare feiring.

Sjølv har eg berre att å stryke eit par bunadsskjorter.  Førre søndag tok eg tida på dette mykje omtalte arbeidet. Eg brukte 20 minutt på ei skjorte.  For å ta best muleg vare på skjortene stryk eg dei kvelden før bruk og legg dei i Blendavatn kvelden etter bruk.

Då vil eg ønskje alle blogglesarane ein god 17-mai!

3 kommentarer:

  1. Eg har same rutine som du med skjortene.
    Dynkar dei, legg dei i ein plastpose og legg dei i kjøleskapet nokre timar før eg stryk.
    Såg deg med elevar og tantejenta mi (lærar) i halv titida i dag då eg henta svigermor for handletur :) Du hadde på deg ein fin gensar eller var det vesten ?
    Ynskjer fin feiring av 17 mai !

    SvarSlett
  2. Raud jskke utanpå vesten. C hadde siste vikartimen i dag. No skal ho konsentrere seg om eksamen. Vi plukka rusk. Det ligg an til å bli ein flott dag i morgon.

    SvarSlett
  3. Same kor mykje arbeid ein legg i strykinga, så er skjotene skrukkete etter ei lita stund. Trur aldri eg har stått og stroke på samme skjorta i 20 min. Men så er eg heller ikkje kjent for å vere så nøye på det.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...