torsdag 9. mai 2013

Helgetorsdag

 Det er ikkje berre dei tobeinte som set pris på det milde veret.
Kaninane har lengta ut.

 Og så er det nokre med endå fleire føter som dukkar opp.  Sjølv har eg ikkje edderkoppangst.  Denne kverka eg og skylde i do.
 I dag vert det spelt fotball heile dagen.  Eg har halde meg heime.  Middagen vart heller enkel.  I tillegg til pizza laga eg ei brokkolisuppe med frisk timian til.  Urtekryddera eg kjøpte på Mester Grønn verkar meir robuste enn dei ein kjøper på matbutikkane.  Dei første er vel meinte å skulle vare heile sesongen.
Dette arbeidet har legt litt på vent.  Eg tok litt hardt i med hagearbeid laurdag. Høgrearmen likte ikkje at eg bar bøtter med kompostmold.  Så eg har lagt all strikking til side. Men i dag har eg sydde eg dei første stinga for å få på plass eine stolpen.  Når ein først veit kvar ein skal stikke, går det greitt.  Eg må strikke og sy på denne før eg planlegg knappehola på den andre.  Til slutt kan eg strikke halskragen.  Det hadde vore kjekt å vorte ferdig til over helga.


6 kommentarer:

  1. Eg likar ikkje at du kverkar edderkoppar. Det betyr ulykke. Eg plar bere insekt og anna småkryp i sikkerheit ute. Men SNIGLAR har eg ingen sympati med.

    SvarSlett
  2. Litt mildvær gjør så godt for kropp og sjel, også for dyrene. Hos oss er det meldt regn en hel uke fremover og jeg håper de tar feil. Jeg starter på tre uker ferie på lørdag og ønsker meg finvær, men det gjør jo alle.

    SvarSlett
  3. Det høyrest herleg ut med ferie no. Men eg er ikkje den rette til å klage. Eg har ein lang ferie å sjå fram til.

    Eg kverkar edderkoppar for husefreden si skuld. På skulekjøkenet plar eg skylle dei i vasken og sette i toppa. Sjølv forstår eg ikkje problemet.

    I år har ikkje iberiasnigelen dukka opp her - enno. Eg berre kryssar fingrane. Måndag sel dei gift.

    SvarSlett
  4. Når eg av og til måtte kverke kvepsar i klassen, anklaga eg elevane for at DEI gjorde meg til mordar.
    Det blir påstått at iberiasnigelen ikkje har overlevd den kalde vinteren. Eg har ikkje sett sorten, men så går eg heller ikkje og luskar ute om natta.
    I dag møtte eg ein myggsverm i skogen, glad for alt som er normalt- når det er så mykje som ikkje er det.

    SvarSlett
  5. Eg må vedgå at eg gjer som du med vevkjerringane..
    Under morgonturen måndag såg me fleire brune sniglar som kryssa vegen i regnet...
    Her hos oss har den ikkje vore enno, men i fjor såg eg at den var i nabolaget.
    Ynskjer deg ei fin helg !

    SvarSlett
  6. Dei sel gift her på mandag. Men eg såg heller ingen i dag. Kanskje eg må ut seinare?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...