fredag 3. mai 2013

Helg igjen

 Det eg liker best med Mai er at det er så mange helger!  Vi kan sjå fram mot helg, ei kort veke og ei lang helg igjen!

Veret er det verre med for tida.  I dag var det rett og slett ikkje muleg å sjå Melshorrnet, og det snøa.  Heldigvis smeltar snøen etter kvart.  Over helga er det meldt varmt ver og sol.  Så vi kan gle oss til oppturen!
 Elles har eg sikra meg eir lesestoff.  Slike MP3-plater høver best når ein kan lese lenge om gongen.  Laurdagane er vel den beste lydboklesedagen for meg med rikeleg med praktisk arbeid.
No er det tid for kveldsmat.  I det siste har eg eksperimentert mykje med surdeig.  Eg laga ein lys rett og slett med å starte med litt av den vanlege som er laga på finmalen sammalen rug.  Eg matar surdeigen kveld og morgon, og så bakar eg når eg kjem heim frå jobb.  Brøda vert ikkje sure når ein matar surdeigen ofte, har eg funne ut. No kviler begge surdeigane i kjøleskåpet.  Eg tek dei fram når det høver.

Då står det att å ønskje blogglesarane ei god helg!

4 kommentarer:

  1. Brødet ser fantastisk ut! Men kven kan kome på å mate både morgon og kveld?? Stress med snø her i dag, ikkje berre berre med sommardekk. Her ligg mange cm snø. Eg les Isabel allende for tida, Summen av dagene, eit framhald av Paula, altså biografi, ikkje roman. Så har eg kjøpte bok 2 av Tirsdagsdamene og litt finsk litteratur, og håpar på leselyst i Bergen..

    SvarSlett
  2. Kanskje same finske som Margrete har lese?

    SvarSlett
  3. Ja, Arto. Synd ho ikkje likte den så godt.

    SvarSlett
  4. Ho har vel lese mange. Eg trur ein kan gå lei. Eg trur eg har skrive noko sånt som at nokre forfattarskap kan ein ta for seg. Hans bøker ville eg hatt litt avstand mellom, ikkje lese for mange i slengen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...