lørdag 25. mai 2013

Frå Sunnmørsskodde til Romsdalssol

 I dag har vi besøkt slekt i Molde.  Slik var veret på Vestnes.
 I to-halv tre-tida skein det opp, og vi kunne vere i hagen resten av dagen.  Observante blogglesarar kan sjå at folk forlet Aker Stadion.
 Molde vann 4-0 over Hønefoss.  Vi tok ferja før fotballgjengen.  Eg reknar med at journalisten var att og skreiv.
 Flott på fjorden.
Desse plakatane hadde eg sansen for. Det er flott at folk møter ord som ete, kaffi og bagettar.  Spesielt "spise" vert eg lei av å rette.  Folk sel "kaffe" på Hareid sjølv om dei ikkje seier det.  Fransk kan vi stort sett ikkje her i landet, så vi får skrive dei franske orda som dei skal seiast.  Så får det våge seg at bagettane skulle vore nysmurde - og at dei sikkert har meir enn eitt pizzastykke.

3 kommentarer:

  1. Elevane mine retta meg når eg sa bagett, det heitte baguett, påstod dei. Fint om ein kunne skrive moss/muss også, for somme uttalar e-en i mousse- med trykk på.No seier eg sikkert mest ete, men i min dialekt var det mest vanlig med spise.
    Elles så meiner eg at alle som set opp plakatar må sjekke at dei er rett skrivne.

    SvarSlett
  2. Eg meiner der skal eksistere gratistenester. Fylket bør ha tilgjengelege språkkonsulentar. Smørje er enkelt å slå opp i ordlista.

    SvarSlett
  3. Det er no berre å vende seg til Mållaget. Då eg var i styret der, meiner eg vi tilbaud hjelp til næringslivet-eller kan hende vart det med pratet? Ordlister har alle tilgang til, men ikkje alle brukar dei.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...