tirsdag 21. mai 2013

Attende til kvardagen

 Etter ei nydeleg helg slo veret om her.  Eg å innrømme at det passar meg godt. Det er lettare å halde oppe arbeidsmoralen når veret er grått.  Når ein vert møtt med "Kan vi ikkje gjere noko kjekt?", må ein berre tenke og seie at det trass alt er ein månad att av skuleåret.  Tentamenar skal lagast og gjennomførast. Eg har lært meg at som lærar er det ikkje lurt å seie at noko er kjekt.  Då vert det gjerne sukking og stønning over at ein kan kome på å seie at kryssord eller andre artige variantar, er morosamt. Då er det betre å få høyre at dei faktisk likte "Romeo og Julie", eller kva anna ein har valt å presentere.
Til helga håper eg at vervarselet stemmer slik at vi kan få oss fleire fine dagar! Og vi skal ut på tur i skuletida,  etter tentamen om eit par veker.

1 kommentar:

  1. Vakre bilete!
    Ein kalddusj etter varmen kan gjere godt ;-)

    Men oss vil gjerne ha litt meir varme, snart..

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...