tirsdag 26. mars 2013

Stem på årets påskekrim 2013!

Også i år vil eg lage ei lita uhøgtidleg meiningsmåling på bloggen.  Påska er høgsesong for krim. Eg har plukka ut dei eg har funne i programma for i år.  Reprisar er ikkje med. Blogglesarane får seie ifrå om eg har gått glipp av nokon!
 Først ut er "På innsida" eller "Inside men".  Serien er todelt, og han starta allereie i går. Handlinga foregår på ein teljesentral. For å rane denne, må ein ha folk på innsida.  Kven er ærlege?  Kva går gale?  Dette vert gradvis avdekka.  Serien har nerve.  Dette er krim etter min smak.

Mot slutten i går såg eg at serien er teksta på nynorsk. Når eg strikkar, les eg ikkje teksten.  Eg synest sjølvsagt det er positivt at populære program får nynorsk tekst!
I morgon startar "Blodig urett" eller "Injustice" på NRK.  Etterforskaren er ein skrankeadvokat av drittsekktypen.  Han som har skrive serien står og bak "Kriminalsjef Foyle".

 Lewis er vel kjent og kjær for dei fleste.  Eg synest å hugse at mange stemte på han i fjor. Langfredag NRK.
The Town startar på torsdag på TV2. Foreldra til søskenparet Mark og Jodie ser ut til å ha tatt livet av seg.  Mark begynner å grave i tinga til foreldra ...

Det er litt tidleg å begynne å stemme.  Vi må sjå seriane først.  Sjølv har eg stor tru på "Inside men" - viss den held fram på same måten og avsluttinga vert god.

12 kommentarer:

  1. Eg synest dei kunne hatt litt "koselig" krim i påska. Slik som i gamle dagar.

    SvarSlett
  2. Heilt einig, Olaug, eg slo av den første her etter ti minutt, altfor rått og brutalt, men tvilar ikkje på at han har nerve!

    SvarSlett
  3. Samme her,eg slo den av etter ti minutt, men har den på opptak dersom eg skal ombestemme meg.

    SvarSlett
  4. Ombestem deg! For meg er det kvalitetskrim! Den er annleis enn det vi har sett før.

    Men krim er smak og behag! Eg likar at der er eit psykologisk element!

    SvarSlett
  5. Poirot går på NRK på ettermiddagen. (i sekstida)Kjekt med desse nye tvane der det er lett å ta opp. Elskar britisk krim! Miss Marple, Poirot og Lewis.

    SvarSlett
  6. Poirot tok eg ikkje med, for det er repriser - der står i alle fall R i parentes..
    Synest TV2 sviktar, og det er ikkje første året!Det verkar som dei gjer eit poeng av å la vanlege seriar gå utan å la seg påverke av høgtider.

    SvarSlett
  7. Studenten, Mannen og jeg benket oss foran tv og skulle se På innsiden.... Gørrkjedelig og ingen av oss orket se ferdig første episode....vi prøver oss på ny påskekrim i kveld. Vi bare NRK på hytta så da har vi ingen valg.

    SvarSlett
  8. Eg likte godt starten på den nye og. Dette kan bli eit vanskeleg val!

    SvarSlett
  9. Injustice likar eg. Måtte køye halvvegs, så det blir nettet i dag.

    SvarSlett
  10. Politietterforskaren er noko vel sur, men sett vekk i frå det - knallkrim.
    Elles seg er at vi får ein episode av Mordene i Fjällbacka, så eg fekk sett den på lista.
    Det er kjekt å sjå frå staden vi var for eit par år sidan.

    SvarSlett
  11. Eg såg Lewis, kanskje bra, men kjedelig og langdrygt. Elles såg eg den første på NRK 1, den som var brutal, den tok seg opp. Mordene i Fjällbacka var fryktelig dårlig-etter min smak. Før i gamle dagar var det laaange påskekrimseriar som engasjerte. Hugsar ein som var lagt til Norge-Malstrøm, trur eg det var. Og Dalglish, det var mykje kjekkare enn det dei sender no. POirot og særlig Miss Marple er ganske kjekt å sjå, men god krim er det eigentlig ikkje. Kort sagt, eg likte i grunnen best den brutale.

    SvarSlett
  12. Eg og likte best Innsider. Den hadde noko nyskapande i seg. Lewis 2. episode var interessant på grunn av privatlivet. Fjällbacka var betre med førre skodespelarteam. No vert det for søtt, meiner eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...