lørdag 23. mars 2013

Rørt jordbærsyltetøy med appelsin

Idéen til å lage dette syltetøyet fann eg i ein brosjyre frå Rema 1000 som eg ikkje fann då eg skulle lage det. Men her treng ein eigentleg ikkje oppskrift. Slik gjorde eg:
1 pk halvtinte jordbær
2 små/1 stor appelsin - bruk berre det gule, filetane som dei sieier på TV
1 dl sukker
4 ts frysepulver

Ha alle ingrediensane i ein foodprosessor eller anna eigna maskin.  Køyr maskina til du har ei glatt røre.

Viss ein tenkjer å ete all sylta med ein gong, kan ein kutte frysepulveret. Ein kan sjølvsagt bytte ut sukkeret med anna søtstoff om ein vil.

Eg serverte  syltetøyet til årets første vaflar på altanen.  Det vil seie, i dag steikte eg dei inne og tok dei med ut.  Vaflane laga eg av mi vanlege oppskrift der eg bruker 1/3 kveitemjøl, 1/3 Fibra eller sammalen kveite, fin og 1/3 havregryn i staden for berre kveitemjøl.  Eit sunt og godt måltid!

3 kommentarer:

  1. Smart!!
    Ikkje minst den oppskrifta på vafler ;-)

    God og glad Påske til deg og dine!

    SvarSlett
  2. Høyrest ut som god sylte.
    Er det ikkje kjekt at kan nyte litt altankos, sjøl om ein må kle seg godt ?
    Her er hytteferie, akkurat no er alle på ski, bortover eller nedover, medan farmor og veslejenta har vore på trilletur :))

    God påske !

    SvarSlett
  3. Eg har ordna meg med eit"pelspledd" på altanen, eit slikt som ein får kjøpt på Kid. Då slepp ein i alle fall fryse!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...