mandag 21. mai 2012

Sjokoladedraum

Oppskrifta på denne kaka fann eg i eit KK ein gong rundt 1990, trur eg.  Sjølv har eg laga ho berre ein gong, men ei venninne av meg har laga denne herlege kaka til kvar konfirmasjon.  I år skulle ho vekk, men kom med botn og sjokoladekrem, så ordna eg resten.  Pyntinga er enkel.  Ein treng ikkje ha krem på sidene slik eg tok meg fridomen til å gjere.
Botn 24 cm
4 egg
2 1/2 dl sukker

60 g malne mandlar
2 ms vatn
1 dl potetmjøl
1/2 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver

Pisk eggedosis av egg og sukker.  Ha i vatn og mandlar før du siktar på det tørre.
Steik ved 180 grader i ca.45 minutt. Avkjøl på rist.

Sjokoladekrem
1 egg
1 dl sukker
100 g smør
1 plate kokesjokolade
1/2 dl sterk kaffi

Visp egg og sukker til tjukk eggedosis.  Smelt smør og sjokolade og rør inn kaffien.  Bland sjokoladen og eggedosisen og set i kjøleskåp i 20 minutt.  (Min stod over natta.  Dett gjekk heilt fint.)

Fyll
4 dl kremfløyte
1 ts ekte vaniljesukker

Pisk kremfløyten stiv med vaniljesukkeret.

Legg kaka på eit fat.  Ha på krem, sjokoladekrem og gjerne mandelflak.

4 kommentarer:

  1. Mmmm.... Dette ser digg ut.....for tiden spiser jeg lavkarbo og holder meg unna kaker og det går relativt godt for kakemonsen meg.

    SvarSlett
  2. Den ser kjempegod ut.
    Må nok prøve den en gang.
    Ha ei herlig uke i sommerværet :)

    SvarSlett
  3. Her skal heller ikkje lagast kaker før neste fødselsdag. Dagane står snart i kø ... Men eg måtte leite etter denne oppskrifta, så derfor legg eg den ut på bloggen, så veit eg kvar eg har den.
    No må vi nyte fineversdagane!

    SvarSlett
  4. Mmm denne såg god ut! Eg må prøva den ein gong (med ein allergivennleg vri ;))
    Nyt glade dagar i sola :))
    Pia xx

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...