fredag 4. mai 2012

Kvalitetskrim

I dag tidleg såg eg på mobilen min at denne boka som eg stod på liste på hadde kome til biblioteket.  Eg har full dag fredagane, og i tillegg har eg vaktveke.  Men to unge menn på moped utstyrte med lapp og lånekort, henta den for meg.  No legg eg den inn på I-poden slik at andre kan få låne den i morgon.

Eg har høyrt folk vere anten begeistra eller skuffa over denne romanen.  Dei førre bøkene har eg verkeleg kosa meg med.  No kjenner eg at eg er lei av boka eg held på å lese, men med ein del praktisk arbeid i vente, skal eg få knekt den ganske fort.

Elles hadde mor mi med seg Mo Hayder si siste krimbok i dag ...

1 kommentar:

  1. Denne boka var i alle fall heilt topp etter mi(og Margretes)meining.Kos deg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...