torsdag 31. mars 2011

Vi får tru på våren!

 I dag har eg vore på bytur.  Eg har kika på kalenderen og sett at det er 1. april i morgon.  Skobutikken vår har flytta til Blåhuset i Ulsteinvik.  Eg trur til og med eigaren synest det er litt trist.  I dag var der - 20% på alle sko.  Eg fall for desse.

I to veker fram mot påske er det full fres på jobb.  Det vert lite tid og ork til shopping.
Så eg kjøpte like godt noko gult til påske.  I påska får vi kanskje tid og lyst til å bake småbrød?
Eit av ærenda i byen var å kjøpe nudlar på innvandrarbutikken.  Utvalet der var så dårleg, at eg begynte å lure på om dei har ei avdeling til.  Eit godt kjøp var ein liter soyasaus for 60 kroner.  No har eg både oppskrift og ingrediensar til steikte nudlar.
Og så måtte eg sjølvsagt ein tur innom biblioteket.

7 kommentarer:

  1. Stilige skor! Eg kjøpte meg nye støvlettar nyleg, inspirert av den evigvarande vinteren.

    SvarSlett
  2. Du kan sikkert bruke dei ein månad eller to til!

    SvarSlett
  3. Tøffe sko! Eg såg nokre liknande på Bergset mote som eg er venn med på FB. Eg har lese begge bøkene på bildet. Som du sikkert har forstått er eg ikkje like begeistra for Theorin som du, men Hoem si bok trur eg at eg las på ein dag(+ ei natt?)Både Margrete og eg har skrive om den på bloggen.
    Støvlettar kan ein bruke det meste av året. Det kjem litt an på typen.

    SvarSlett
  4. Eg gler meg på Hoem si bok. No har eg begynt på "Mannen som ikke var morder". Theorin sine bøker manglar faste personar!

    SvarSlett
  5. Stilige sko og fin brødkorg! Har vore til Sogndal på lærarstemne etter jobb i dag. Fri i morgon!!

    SvarSlett
  6. Det var skikkeleg stilige sko!

    Eg hadde med den sist ankomne med utanlandske aner på omvisning i Ulsteinvik for nokre veker sidan. For å vere sikker på å vise fram alt av interesse, leita eg opp Asiamat-butikken. Vi to var heilt enige om at det var lite vits å gå dit... Det var vel noko av det elendigaste utval eg har sett på lenge;)

    SvarSlett
  7. Dei skulle hatt hjelp av nordmenn for å vite kva varer dei kunne selje oss. Og når asiatane og klagar o g heller handlar på Moa ...
    Det må vere dårleg butikk på mange måtar!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...