søndag 12. desember 2010

3. søndag i advent

I dag har vi kosa oss med å bake litt forskjellig.  Det kjem nok meir på bloggen i morgon.

Elles har vi vore i kyrkja og høyrt korpsa spele jula inn.  I år hadde dei slått saman skulekorpsa.  Det var svært vellykka.  Det vart god lyd, og så slapp dei å skifte plassar.  Nokon peika på at det vart samspel, ikkje konkurranse mellom korpsa. Barnekantoriet sang rørande og flott. Det var kollekt ved utgangen.  Ein liten kar får stå for dagens kommentar: "Her må ein betale for å kome ut!"

2 kommentarer:

  1. Det var ei god løysing! Det er kjekkare å vere ein av eit stort korps, heller enn å streve for å vere betre enn dei andre korpsa;)

    SvarSlett
  2. Høres ut som du / dere har hatt en kjempefin søndag. Det er viktig med gde opplevelser. Ha ei fortsatt god adventstid

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...