mandag 15. november 2010

Bok 53: Krim med cliffhanger

Dette er den siste, og eg vil påstå den beste, boka av Arnuldur Indridason.  Han har valt å presentere ein ny etterforskar, og dermed hennar privatliv.  Vi veit ikkje heilt kvar det har vorte av Erlendur.
Mankell har gjort det same i "En danselærers tilbakekomst".  Håkan Nesser har skrive "Münsters sak."  Unni Lindell har presentert Marian Dahle for å friske opp når vi har fått overdose av Cato Isaksen sitt privatliv.

Forbrytelsen i denne saka er eit mord av ein mann med rohypnol i lomma.  Vi mistenker straks at det er snakk om ein valdteksmann.  Elinborg tek saka.

bokkilden skriv dei at Erlendur er på ferie.  Slik eg les boka, veit dei ikkje heilt kvar han er.  Vi får håpe han dukkar opp i ei ny krimbok!

3 kommentarer:

  1. Eg har sjølvsagt lese denne boka også, men må innrømme at eg sakna Erlendur.

    SvarSlett
  2. Vi får håpe han kjem att ...

    SvarSlett
  3. Det blei litt tomt utan Erlendur må eg sei...håpa han ikkje gikk seg vill i fjella og at han er tilbake i ein ny bok

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...