I går plukka eg hagebær, klipte buskar og luka litt. Vermeldingane til i dag var fantastiske, så i går planla spurde eg mannen om han ikkje mangla ein Hareidstrimpost. Det gjorde han.
På Blåtinden er det ei fantastisk utsikt til alle kantar. I bakgrunnen her ser de Vartdalsfjella.

Vi gjekk opp frå Haddal.

Sidan eg går mykje seinare enn mannen, får han god tid til å fotografere.
Eg brukte 1 1/2 time opp. Då gjekk eg i roleg tempo.

Eg har fått mange assosiasjonar til Nice denne veka. Det er så varmt inne at ein må sette opp dører og vindauge. I dag var her 25 grader då vi gjekk oppover, heldigvis med ein liten trekk. Litt varmare var det nok i Frankrike, men den turen var litt kortare, så ein rakk ikkje å gå seg så varm.
Utsikt mot Hareid? Fotografen let visst mannen skugge for motivet.




































