Førre veke inviterte eg slekta mi på Sunnmøre til Hareid. "Viss det er skeiseis, må de stoppe på isen!"sa eg. Sjølv om mildveret har kome, var der fine forhold på Grimstadvatnet.
Mange store og små leikar seg.
Eg dekte til elleve i dag. Menyen var enkel: Brudevollmôr, kålstuing, grønsaker og poteter.
Til dessert var set Smashis, marengskake og bær i krydderlake. Som de ser, vart halve marengbotnen frå i går rund. Eg berre bryt den i den fasongen eg ønsker. Det går heilt fint. I dag hadde eg eitt lag med bringebær, eitt med vaniljekrem og eitt med krem. Pyntinga går raskt unna. Niandeklassingane gjer seg meir flid, for å seie det sånn.
Desse to måtte få i siste skruen i sovesofaen. Og så måtte sjølvsagt liggekomforten prøvast. Det er enkelt å brette ut senga.
Det står berre att å takke for i dag. Gjestene kom med blomster som nok vil dukke opp på bloggen i dagane som kjem.
lørdag 26. januar 2013
fredag 25. januar 2013
Fredag med førebuingar
I morgon ventar eg besøk av slekta, nærare bestemt systera mi med familie og foreldra mine. Vi bruker å feire yngstemann på denne tida, men han er på Kanariøyane. Primula er liksom hans blomst.
Eg kjøpte ei korg med tre primula på Floriss i går. Det er ikkje alltid dei står så lenge. Bukett på rot kallar eg slike potteplantar.
Eg har sjølvsagt førebudd litt mat og. Oppskrifter finn eg på eigen blogg. Marengsbotn.
I skrivande stund står mjølk og vanilje og småkokar på omnen. Det skal bli vaniljekrem. I dag prøver eg med halv sukkermengd. Eg tippar det vert søtt nok på ein marengsbotn.
No gler vi oss til i morgon!
God helg til alle som stikk innom bloggen!

torsdag 24. januar 2013
Bok 4: Kronprinsen
Frå coveret:
I en stille og iskald februarmåned rystes Norges hovedstad av et bestialsk dobbeltdrap. Ofrene er et par som har funnet hverandre på tvers av etniske skillelinjer. Det viser seg at dette bare er starten på noe langt verre, og ting tyder på at sterke nynazistiske nettverk har gjenoppstått. Vi følger reporterteamet Joakim Lund Jarner og Agnes Lea gjennom tre intense døgn i deres jakt på gåtens løsning. Med seg har de fotografen og hackeren Isa Eng, som viser de to veien inn til en mørk underverden hvor nazister og antinazister gjennom flere tiår har ført en brutal krig uten at myndigheter eller politiet har grepet inn. Samtidig plages Joakim Lund Jarner av drømmer om sin avdøde søster, Iben, som ble funnet hengt i skogen da hun var 16 år. Men begikk hun virkelig selvmord den gangen?
Mi meining om boka:
Eg ser at krimboka har fått mykje god kritikk. Forfattaren vert jamvel samanlikna med Liza Marklund. For med vart romanen heller ordinær. Det kan hende eg hadde likt han betre om eg hadde lese dei to første i serien?

onsdag 23. januar 2013
Jalfrazi
Førre veke stod det laks på menyen på skulekjøkenet. Gruppene laga kvar sin rett og sette på ein buffe. Vi laga to av rettane frå Fiskesprellkurset, mellom anna Jalfrazi. Oppskrifta fann eg her. Fordi dei andre rettane var i form, laga eg denne og om til ein omnsrett. Oppskrifta er altså skriven for niandeklassingar. Heime laga eg den i steikepanna som de ser på bildet. Retten fall godt i smak både på skulen og heime.
4 laksefiletar
1
liten løk½ grøn paprika
½ båt kvitløk
1 cm frisk ingefær
2 ms olje til steiking
¼ ts spiskummenfrø
1 ts kvitvinseddik
½ ts chilipulver
½ ts gurkemeie
½ ts garam masala
1 ts kvitvinseddik
½ ts chilipulver
½ ts gurkemeie
½ ts garam masala
1 tomat, i båtar
1 ms frisk koriander
1 ms frisk koriander
·
Set
steikeomnen på 200 grader.
·
Skjer
løk og paprika i strimlar. Finhakk eller riv ingefæren.
·
Skjer
laksefileten i terningar på ca. 3 centimeter.
·
Varm olje i en stekepanne, tilsett spisskummenfrø og
steik til dei begynner å poppe.
·
Tilsett
løk, paprika, ingefær og kvitløk og steik i eit minutt.
·
Ha
i kvitvinseddik, chilipulver, gurkemeie og garam masala. Steik
blandingen ca 2 minutt.
·
Legg
grønsakblandinga i ei eldfast form. Bland fisken forsiktig i og set forma i omnen.
·
Steik
retten i 7-10 minutt til laksen er gjennomsteikt.
Tova hue i dobbel finull
Oppskrifta på hua fann eg i ei bok som heiter Strikk og tov. Hua der dekte så vidt øyrene, og det er ikkje moten no. Eg strikka ein modell som er "baggy". Han som tok den på seg, fekk høyre han var lik Aksel Hennie.
Legg opp 85 masker med dobbel finull på ermpinne nr. 6. Strikk 65 (eller så lang du vil) omgangar glattstrikk. Strikk 15 masker to saman ein omgang= 80 maskar. Strikk 2 omg glattstrikk. Strikk ein omg 6 masker og 2 saman. 2 omg glattstrikk. 5 masker og to saman, 2 omg glattstrikk o.s.v (Felling på kvar 3. omgang) til du har 10 masker att. Klipp av tråden og trekk den gjennom dei 10 siste maskene. Fest trådane. Eg hadde ca 1 meter att av den gule tråden ...
Vask hua på vanleg vaskeprogram 40 grader. Bruk litt Milo eller grønsåpe.
Varmare hue får ein vel omtrent ikkje. Med 13 minus som her, er det berre å leite fram ull. No håper eg at tiandeklassegutane vil lage minst like fine huer som eg.

tirsdag 22. januar 2013
Tilbake!
Heldigvis var vi påkopla nettet då eg kom heim frå jobb! Det har vorte ein vane å vere tilgjengeleg på mail og facebook. Klassene har gjerne eigne facebooksider der dei stiller spørsmål.
Gutane i tiande har begynt å strikke huer som dei skal tove. Huemoten no er litt store, eller "baggy" som dei seier. Eg tok dei fargane det var mest att av på lageret, og strikka ein modell med utgangspunkt i mønsteret deira. Det vart til at eg la til nokre omgangar. No ligg hua i vaskemaskina på 40 grader. Det er alltid like spennande å sjå korleis det går! Vert det vellykka, så får eg legge ut ei oppskrift!
Bildet tok eg av meg sjølv med mobilen på sjølvportrettfunksjonen. Andre himlar med augene ...

Er eg sakna?
... skreiv eg til mor mi i går på SMS. Vi var nemleg utan nett, fasttelefon og gatelys. Det er nærliggande å tru at det har noko å gjere med gravearbeid i nabolaget.
Bloggpausen varer så lenge eg er utan nettilgang.
søndag 20. januar 2013
Søndag 20. januar
Eg har kome fram til at det er for seint for meg å lære å gå på skeiser. I dag gjekk eg meg ein tur på Rotarystigen og rundt vatnet ...
... medan folk frå bygd og by gjekk på Grimstadvatnet. Det er minus sju grader her, men i sola verka det mykje varmare.
Og seinare i dag ...
lørdag 19. januar 2013
Oppgradert
Ungdomsrommet som eg fortalde om før jul.
Nokre ville ha sofa, andre ville ha seng. Då vart det sjølvsagt sovesofa. Vi valde den med beste madrassen. Sofaen vert til seng med eit enkelt grep. Og så ville ungdomane ha eit litt større bord enn 90 x 90. Gardinene må stenge lyset ute når dei skal sjå fotballkamp på dagtid, fekk eg beskjed om. I dag kjøpte eg ein rimeleg løpar og eit par puter. Slikt kan lett bytast ut. Så vart plutseleg det relativt nye teppet gammalt. Det får eg ordne ein annan dag.P.S.
Det beste av alt: Kortet med fotballkanalar har flytta ned.
fredag 18. januar 2013
Gratulerer Håkon 19 år!
I dag kan vi gratulere Håkon med 19-årsdagen! Minstemann i familien er den som no er størst av alle!
Då eg låg på sjukehuset for 19 år sidan hugsar eg godt at vi såg nyheitene. Johan Jørgen Holst døde nokre dagar før. På 19-årsdagen vert det og mykje fjernsynsjåing. Eg håper situasjonen løyser seg.
Fødselsdagsbarnet ønska seg pølsegryte til middag. Det vart blåbær- og bringebærgele til dessert. Vi venta med å ete til han kom heim frå fotballtrening. Bildet vart teke før eg hadde på bestikk. Vanlegvis pyntar eg med primula for første gong 18. januar.
Ein av brørne hans er på Cuba, den andre i London. Sjølv skal han til Kanariøyane neste veke. Slik har verda vorte. Det vert eit reiseår for ungdomane i familien. Sjølv skal eg både til London og Roma, så det står ikkje på!
Det følgjer ikkje privilegium med å bli 19. Eg hugsar berre at eg følte meg svært vaksen. For kva var vel betre enn å bli ferdig med vidaregåande og kunne gjere det ein ville? Dagens jubilant må snart bestemme seg for kva han skal slå inn på.

torsdag 17. januar 2013
Krema kikertsuppe
I går bestemte eg meg for å prøve ei oppskrift med kiukerter i Smalhans, nemleg krema kikertsuppe. Eg ser at sist eg laga henne, var ein gong eg hadde rikeleg skvåsj. I går laga eg dobbel porsjon og vel så det. "Kor mykje kan vi ta?" "Ta det de vil ha berre der er ein taller att til meg!" Resultatet vcart at der var litt tjukk suppe att på botnen ... Eg kan ikkje gi dykk Gunds si oppskrift, men eg veit at mange av blogglesarane ha sikra seg eit eksemplar av Smalhans. Under kjem nokre andre suppetips.
Flesket som eg steikte attåt, har eg laga av rimeleg svineribbe. Første gongen brukte eg oppskrifta i Go'bitar frå besta si kokebok. Seinare har eg berre hatt salt på ribba og skylt det av etter fire dagar. Fotballspelaren fekk seg eit par skiver med speilegg attåt suppa. Då vart det ein høveleg kveldsmat for han.
Det er berre fantasien som set grenser for kva for grønsaker ein kan ha i ei suppe. Forslaga under er henta frå kokeboka i mat og helse. Alle skal mosast med stavmiksar, blender eller i foodprosessorGrønsaksupper (2 personar).
1 liten løk
1-2 fedd kvitløk
1 ms olje
300 g grønsaker
5-6 dl vatn
1 buljongterning
1/2 dl mjølk/fløyte/(kokosmjølk i gurotsuppa om du vil)
1/2 krm pepar
salt?
friske urter
Grønsaker
1) 300 g blomkål og/eller brokkoli
2) 300 g selleri
3) 300 g gulrøter + 1 cm ingefær
4) 300 g skvåsj
1. Surr løk og kvitløk i olje.
2. Ha i grønsaker og buljong.
3. Kok grønsakene møyre, minst 10 minutt.
4. Mos suppa.
5. Smak til suppa og ha i mjøl og ev. meir væske.
Då er det berre å starte eksperimenteringa! Litt kikerter vil vel passe i dei fleste? Eg har i alle fall tekt å ha litt i tomatsuppa mi. Den toler å bli litt tjukkare.
onsdag 16. januar 2013
Og lovar å elske ein annan?
Det er ordklassene som står på planen i 8B, nærare bestemt pronomen. Før nokon får sjanse til å spørje kva som er vitsen med å kunne forskjellig, prøver eg ofte å grunngi kvifor vi skal lære noko. Det er ikkje alt som i utgangspunktet er like nyttig. Jau, det vi skal lære i dag, er noko som kan dukke opp i ein quiz, nemleg kva er eit resiprokt pronomen?
Svaret er enkelt: Kvarandre. Men så kan eg ikkje underslå at det i nynorsk er eitt til, nemleg einannan. Og det første dømet eg kjem på, er frå O jul med di glede der ein lovar å elske einannan, eller kvarandre om ein vil. Av og til høyrer ein at det ein seier, kjem feil ut ...
Utklippet over er tatt frå Regionsavisa i dag.

tirsdag 15. januar 2013
Det verka som ein god idé ...
... å ta med seg ein stor pose kikerter heim frå innvandrarburikken. Dei to kiloa la eg i bløyt i ei panne på 4 1/2 liter. Det gjekk ikkje lenge før eg forstod at eg måtte ta fram ei panne til. Resultatet etter ein time koking var 4 1/2 kg kikerter klare til bruk. Dei er frose ned i posar på 400g. Eg tippar ein pose tilsvarar to boksar.
Kikerter er rike på protein og fiber. Dei kan brukast i t.d. supper, heile eller mosa til jamning. I Smalhans er der to supper med kikerter i, ei av dei har eg ikkje prøvd - enno ...
Planen var eigentleg å lage suppa til Gunda i Sunnmørsposten. Eg var på jakt etter kvite bønner, men innvandrarbutikken var stengd. Så eg tenkte eg fekk rydde ut det eg har først. Brune bønner synest eg er greitt å ha på lager. Kokar ein dei sjølv, vert det rimeleg - og ikkje minst miljøvennleg. Kva er ein plastpose mot ein haug hermetikkboksar? På posen min stod det 59 kr, om nokon skulle lure.

mandag 14. januar 2013
Bok 3: Ildvitnet
Medan eg heldt på med Paganinikontrakten, bestilte eg den siste i serien, nemleg Ildvitnet. Eg har venta litt med å lese romanen, men då eg først kom i gang, fekk egblod på tann.
Etter mi meining er denne mykje betre. Den tek utgangspunkt i barn som vert tekne hand om av barnevernet. Motivet går att i notid og fortid. Kven skal verne desse borna frå folk som ikkje vil dei vel?
Forfattarane slår fast at synske menneske, såkalla medium, aldri har løyst ei drapsak, men at dei vert kontakta av politiet. I Ildvitnet introduserer dei likevel Flora, ei såkalla synsk dame, som tek kontakt med politiet. Ho meiner ho har sett drapet. Spørsmålet vert kva ho verkeleg har sett.
Vi får og vite meir om politietterforskar Joonna Linna si fortid, som no innhentar han. Vi går tolv år tilbake i tid då han løyste si første seriemordsak. Slutten er ein skikkeleg cliffhanger! Vi vil vite meir!

søndag 13. januar 2013
Stoppe opp eller kjøpestopp?
Januar er vel månaden då ein skal begynne på eit nytt og betre liv. Aviser og blad er fulle av trenings- og slanketips. Slik har det vore i alle år.
Ein litt nyare trend er kjøpestopp. Ein bestemmer seg for å slite på det ein har eitt år. Store summar kan sparast på å ikkje kjøpe kle eller ting til heimen. Eg tenker at der har mange av oss vore, ikkje nødvendigvis av fri vilje. Men ein har kome ut av det med nye erfaringar. Vi har stort sett mykje meir enn vi treng. Vi kan godt stoppe litt opp og tenke over om vi verkeleg treng alt vi kjøper.
Sjølv har eg bore rikeleg med mat inn i huset til jul. Matboda og fryseboksane er velfylte. Så her har eg prøvd å gjennomføre ein liten kjøpestopp. Eg kjøper mjølk, frukt og grønt og anna som eg treng for å få brukt noko anna. Men her vert ein sjølvsagt motarbeidd av butikkane. Dei pøser på med 10-kronerssal, få-attpå, store pakningar for liten pris i tillegg til vanlege tilbod. Så vert det til at ein kjøper litt for å gjere det enkelt.
Men det går rette vegen! I dag laga eg sheperd's pie av kjøtdeig som eg har fått attpå pizzadeig, potetmos frå frysaren og bønner frå frysaren. Vi har no lært at vi skal ete meir bønner for hjernen, så eg har kokt og frose ned i porsjonar. Det kan snikast inn i ein del rettar. Til dessert vart lageret minka med 2 pakkar gele og 1 pakke frosne. Ein lever ikkje dårleg ... Og bordet? Eg trur eg har kjøpt både lys og serviettar på minus 70% ein gong?
Vaniljesaus
Dette er ei enkel oppskrift på vaniljesaus. Ho er henta frå kokeboka for mat og helse i ungdomsskulen. Der står at ein kan sløyfe egget, bruke eit heilt egg eller to eggeplommer. Det siste gir best resultat. For å få vellykka resultat er det også viktig med ekte vaniljesukker eller vaniljestang.
Det er ikkje vanskeleg å lage vaniljesaus frå botnen av. Ein skal berre blande ingrediensane og varme opp sausen til rett under kokepunktet. Ein må røre heile tida og passe på å ta sausen frå plata og helle han rett i muggen før han kokar og skil seg.
Om blogglesarane vil velje anna sukker, er det berre å prøve seg fram.
2 eggeplommer2 1/2 dl mjølk
2 ts sukker
2 ts maisenna
1 ts ekte vaniljesukker
Visp alle ingrediensane i ein kjele (ikkje aluminiumspanne og metallreiskap). Varm opp til kokepunktet.
Avkjøl sausen.
Tips: Pisk 1 dl kremfløyte og bland inn i kald saus.
Eg laga dobbel porsjon vaniljesaus i dag som eg serverte til gele laga av 2 pk gele med 500 g frosne jordbær i.
lørdag 12. januar 2013
Årets lesaroppleving 2012
Eg har brukt å kåre den beste boka eg har lese kvart år. Tittelen "Årets bok" vert noko misvisande, for eg les oftast bøker som er gitt ut tidlegare enn året det er snakk om. Slik vert det når ein låner det meste ein les på biblioteket.
I fjor fekk eg augene opp for Håkan Nesser sine bøker. Det var litt tilfeldig at eg kom over Barbarottikvartetten. Dei var å få kjøpt som MP3-spelar-bøker på "Norges billigste bokhandel". Av dei fire bøkene var Beretningen om herr Roos den beste. Eg trur at folk som seier dei ikkje liker krim, ville like desse romanane likevel. Menneskeskildringar og refleksjonar kring menneske og samfunn er viktig i desse romanane.
Elles kasta eg meg over Amalie Skram sitt forfattarskap i fjor. Eg har kome fram til at eg er ein av dei som meiner ho er undervurdert. Om eg skal anbefale ei av bøkene, må det vere Lucie.
For unge lesarar vil eg anbefale "I havet er det krokodiller" av Fabio Geda. Det er ei sann historie.
Til slutt vil eg utfordre andre bloggarar til å kome med sine anbefalingar!
fredag 11. januar 2013
Fornying frydar
Etter ei travel veke på jobb passar det brå å slynge litt når ein får fri. Eg starta runden på Floriss her her i bygda. Der var det store mengder orkidéar til 99 kroner. Det var vanskeleg å velje. Men eg trur ikkje eg har hatt denne litt oransjefargen før. Dei to eg kjøpte var dessutan fulle av knoppar.
Ein duk til hadde lurt seg unna vekkrydding. Som de ser, står julestjerna like fin. Eg inviterte opp journalisten på denne gryta som har vorte ein klassikar i heimen.
Det er berre ein ting eg er litt sur for i dag. Det er dette ungdomsrommet som eg held på å oppgradere. Eg fann endeleg nokre gardiner som eg likte, og så hadde dei berre ei lengd att ...

torsdag 10. januar 2013
Meir lesestoff
Desse tre bøkene fann eg på bygdebiblioteket. Theorin si bok er ei novellesamling. Elles er bøkene og forfattarane ukjende for meg.
onsdag 9. januar 2013
Bok 2:Volomari Volotinens første kone og andre gamle ting
Volomari Volontine giftar seg med ei 20 år eldre kvinne. Etter det begynner han å samle på andre gamle ting. Rundt kvar ting vert det fortalt ei historie.
Humoren til Paasilinna er heilt spesiell. Det er berre å gi seg over. No synest eg nok ikkje at dette er den morosamaste boka av forfattaren. Men ho er absolutt underhaldande.
Humoren til Paasilinna er heilt spesiell. Det er berre å gi seg over. No synest eg nok ikkje at dette er den morosamaste boka av forfattaren. Men ho er absolutt underhaldande.
tirsdag 8. januar 2013
Klart at eg kan!
Det er over 20 år sidan sist eg strikka eit par lestar. Det var fleire grunnar til at eg sette i gang. For det første så hadde eg liggande to nøste Sterk som eg fekk då eg melde meg inn i Hobbyklubben. For det andre var eg "arbeidsledig". Men det utslagsgivande var at mor mi let det falle eit ord om ho tilhøyrde den siste generasjonen som sat og strikka tjukkelestar.
"Klart at eg kan!", tenkte eg. Men då eg var komen ned til hælen, stod eg fast. Eg strikka til midten. Det demra ikkje. Eg som trudde eg kunne to hælfellingar. Babysokkane eg strikka i fjor, var heilt annleis. Då følgde eg dessutan ei oppskrift. Med litt forklaring frå mor mi, fall det på plass.Det skal nok ikkje gå 20 år til neste lestepar, men eg har ikkje tenkt å gå mor mi i næringa.
Så skal de få sjå byrjinga på den Forbrytelsenliknande genseren min. Eg tenkte eg vill begynne på ei erm. Då ser eg om strikkefastheita stemmer. Eg må og rekne ut avstanden mellom mønsterbordene. Eg har litt lange armar, så eg må plusse på eit par centimeter på ermane. Så langt ser det ut som eg kan strikke etter det danske mønsteret. Genseren skal vere tettsittande og ikkje for lang, har eg tenkt. Mitu er eit herleg garn å strikke. Farmengenseren er strikka i det garnet. Det er 50% ull og 50% alpakka.
mandag 7. januar 2013
Ulempa med ...
Før helga såg er føre meg ei lang helg med retting. Men det er som med anna arbeid, det tyngste er å kome i gang. Når bunken har kome opp på bordet og raudepennen er komen i handa, går arbeidet raskt unna. Eg tok ein bunke laurdag og ein i går. Begge dagane passa eg på å kome meg ut i dagslys. No står karaktersamarbeid på tvers av klassene igjen.
Eg synest eg høyrer norsklæraren min på vidaregåande: Bakdel er noko anna! No ser eg at ordet er tatt inn i ordlista. Det er vel slik at når mange gjer same feilen, vert det rett til slutt?
Julegardinene har kome ned, men eg fekk lyst til å skitne ut juledukane før eg ryddar dei vekk. Legg merke til den merkelege orkidéen. Eg fekk den av systra mi i sommar. Då blomstra han på tre stilkar. No har det kome nye stilkar med nydelege blomar på.
Ulempa med å drive med mykje rettingsarbeid, er at ein ser skrivefeil både i aviser og på TV. Dette er folk som har skriving og omsetting som yrke. Privat skriv folk som dei vil. Eg er opptatt av at ein ikkje skal ta skrivegleda frå folk! Bloggar les eg ikkje med raudepenn. Det vil eg berre presisere.Eg synest eg høyrer norsklæraren min på vidaregåande: Bakdel er noko anna! No ser eg at ordet er tatt inn i ordlista. Det er vel slik at når mange gjer same feilen, vert det rett til slutt?
søndag 6. januar 2013
Bok 1: Skyggedød
I denne romanen tek Anne Holt opp temaet vald mot barn. Det synest eg ho gjer på ein god måte. Ho viser kor dårleg systemet fangar opp slike saker. Rektor kjenner familien og ser ikkje problemet. Ei som har levert bekymringsmelding, vert skulda for å kome med grunnlause skuldingar. Elles viser ho korleis det verkar inn på ein familie å få eit barn med ADHD-diagnose.
For meg var det ein "befrielse" å lese ein roman med eit lite persongalleri. Rettspsykologen Inger Johanne og hennar familie har eg lese om før. Privatlivet hennar er interessant. Avslutninga der likte eg ikkje.
Sjølve mordgåta var ikkje spennande. Eg forstod ganske raskt kven som hadde skuld i Sander sin død. Men oppnøstinga var for så vidt interessant. Dei andre kriminelle handlingane, greidde ikkje å engasjere meg.

lørdag 5. januar 2013
Forbrytelsengenseren
Eg tippar at fleire enn eg har sete og sett på genseren til Sara Lund i Forbrytelsen. Det er ei stund sidan der låg ein link til oppskrifta på facebook. På Tråd Kråa fekk eg sjå genseren strikka i Mitu. Den genseren var svært fint strikka. Genseren i TV-serien er felt på ein annan måte slik at mønsteret ikkje er "heilt" i overgangen mellom ermar og bol.
I dag kjøpte eg garn og fekk med nokre gode råd på kjøpet. Eg valde den kvite varianten med koksgrått mønster. No gler eg meg til å kome i gang. Men eg må vere streng med meg sjølv: Først strikke ferdig lestane og rette ferdig ei viss mengde tentamenar kvar dag. Det siste målet har eg nådd i dag. I morgon skal egh bli ferdig!
Mønsteret fann eg her. Ein må laste ned ei fil.

fredag 4. januar 2013
Strikkepakke
Systera mi var så heldig å vinne ein strikkepakke i romjula. Ho tok den med hit. Eg var "arbeidsledig", så det passa fint. Det var kjekt å strikke etter nokre strikkefrie dagar i jula då eg ikkje var i form.
Garnet heiter Carmen. Det er eit nydeleg ullgarn (85%) som er blanda med lin (15%).
Mønsteret var enkelt, og på pinnar 9 går det fort. Det eg ikkje var heilt nøgd med, var sjølve mønsterarket. Plagga skulle strikkast på rundpinne medan mønsteret var forklart fram og tilbake. Øvst står det at ein treng 80 cm rundpinne i 9. I mønsteret står det at ein skal legge opp på pinne nr 8 og strikke rundt. Mønsteret er både på dansk og svensk med same feil.
Systera mi fekk velje farge sjølv, og eg synest ho gjorde eit godt fargeval!

Kokeblome II
I dag kokte eg fiskesuppe til middag. Eg hadde tatt opp sei, og visste at folk kom til å ete til ulik tid. Den eine kom seint frå trening, medan den andre for på trening før middag. Då suppa kokte, før eg hadde fisk i, sette eg på kokeblomen. Eg gjekk til og frå for å utnytte tida til å rydde vekk julepynt. På bildet ser de at suppa kokar på for høg varme. Blomen let seg opp, og væska vert liggande i loket. No må ein ikkje falle for freistinga å ta av blomen!
Eg slo ned plata og sette panna til side. Blomen let seg att. Komfyren er like rein!
Rett opp handa dei som aldri opplever at poteter og liknande kokar over! Oppfinninga passar i alle fall for meg ...
torsdag 3. januar 2013
Kokeblome
Eg har fått spørsmål om kokeblomen, eller silikonloket om de vil, verkar. Eg er godt nøgd med det. På bildet ser de at eg kokar bønner. Elles har eg brukt den til poteter og grønsaker. Ein dag eg hadde mange panner i sving, flytta eg den over på nye panner etter kvart som det kokte opp i dei. Komfyrtoppen heldt seg rein.
No ser eg at den trygt kan vaskast i oppvaskmaskin. I mikrobølgeomn kan ein snu loket opp ned og ha "blomen" på den andre sida.
Det andre produktet som følgde med på kjøpet, er eg meir i tvil om nytteverdien av. Men det er kanskje noko for jenter i rette alderen?

onsdag 2. januar 2013
Rydde ut jula?
Kor tid ein vil rydde ut jula, kjem vel an på kor tidleg ein starta? I år har eg hatt raude handdukar på bada og kjøkenet. Dei har eg begynt å legge til side. Dei skal leggast i ein plastsekk og plasserast på loftet til advent neste år.
I dag begynte eg på jobb. Studenten reiste med Timeekspressen tilbake til hovudstaden. Då er jula slutt for meg. Eg gler meg til å få vekk julegardiner og pynt. Det skjer heller gradvis her i huset.
No kan eg starte å ha ambisjonar om kvite handdukar og sengekle. Då gutane var små, synest eg det var praktisk med farga handdukar. Dei kunne eg vaske saman med klea deira, og dei kunne greie seg med mindre kle, tekte eg då. No synest eg det er praktisk å vaske kvite handdukar saman med kvite T-skjorter og andre kle eg vil skal halde seg kvite. Handdukane får seg ei runde på kokvask innimellom. Det skal vere bra for vaskemaskina, har eg høyrt.
For at det ikkje skal hope seg opp med gamle, utvaska og kanskje holete handdukar og sengekle, sender eg alltid nokre med studenten. Så kan han bruke dei så lenge han vil, og seinare kaste dei med godt samvit. Vi har arva mange handdukar, så her er nok å ta av. Før tok eg dei gjerne med på camping og kasta dei i bosset på ein campingplass. Då slapp eg å ta med skitne og våte handdukar heim att.

tirsdag 1. januar 2013
Godt nytt bloggår!
Kvart år ved årsskiftet har eg tatt opp blogginga mi til vurdering. Dette skreiv eg i fjor. Der kan ein og klikke seg tilbake i tid.
Matblogg?
Dei fleste som klikkar seg inn på bloggen, kjem inn vi ei oppskrift. Merkeleg nok er eit bilde av to krydderposar og eit krydderglas det oftast besøkte innlegger. Slikt kan ein ikkje føresjå.
Eg kjem nok til å legge ut oppskrifter og idéar også i 2013. Nokre oppskrifter er meint for ungdomar, andre for meir erfarne. Elles har eg planar om å kome med nokre kosthaldstips i året som kjem.
Handarbeidsblogg?
Eg håper å ha friske nok skuldrer til at eg kan strikke litt kvar dag i 2012. Akkurat no driv eg og strikkar på ein strikkepakke som systra mi vann.
Hageblogg?
Eg kosar meg veldig ute i hagen sommarhalvåret, gjerne med ei lydbok på øyret. Blogglesarane får gjerne sjå glimt frå hagen.
Bokblogg?
Eg har alltid vore glad i å lese. Etter at eg fekk sansen for lydbøker, har mengda bøker eg har lese auka. Eg ser at eg las 59 bøker både i 2010 og 2012. Det vert til at eg les mykje krim, til tider så mykje at eg tenker eg må skjerpe meg å lese annakvar krimroman og vanleg skjønnlitteratur. Det eg skriv om bøkene, er mi meining. Andre får gjere seg opp si! Eg har planar om å ei kåring av årets bok/lesaroppleving også i år.
Interiørblogg?
Nei! Det einaste blogglesarane får sjå, er dekka bord. Ikkje alle gjester vil på bloggen, og det får ein respektere. Litt oppussing kan det bli i 2013. Om det kjem på bloggen, får tida vise.
Kvardagsblogg, men ikkje dagbok
Eg kjem til å skrive om kvardagslege tema også i framtida. Då eg starta å blogge, skreiv eg meir om det vi styrte med i fritida. Det har eg slutta med. Eg held kollegaer og vener utanfor bloggen.
Solveig sine sider
Eg angra i grunnen med ein gong eg kalla bloggen Solveig si side. Solveig sine sider hadde kanskje vore meir dekkande. Eg prøver å vise ulike sider ved meg sjølv og det eg er oppteken av.
Også i 2013 skal eg prøve å skrive eit blogginnlegg kvar dag. Når ein lever av mellom anna å lære andre å skrive godt og rett, så er det lærerikt å skrive sjølv. Nokre skriv lange og gjennomtenkte blogginnlegg av og til. Eg har ikkje sett slike kvalitetskrav til meg sjølv. Eg satsar kanskje meir på kvantitet.
Rettskriving
Eg prøver å skrive så rett som eg greier. Dessverre er det slik at når eg klikkar meg inn på gamle innlegg, så ser eg at der har snike seg inn feil. Ei utfordring for tida er å sette seg inn i 2012-normalen. Eg oppdagar stadig nye endringar. Ein kan til dømes ikkje skrive neter meir på nynorsk. Det heiter nøtter.
Tilbakemeldingar
Det er kjekt med tilbakemeldingar, gjerne også i form av spørsmål.
Då ønskjer eg alle blogglesarane eit godt nytt bloggår!

Abonner på:
Innlegg (Atom)