torsdag 23. februar 2012

Ny innvandrarbutikk i Hareid

 Det er nokre år sidan innvandrarbutikken i Hareid vart lagt ned.  No har dei starta opp att i Jafs sine lokale tvers over Bunnpris.  Frøkna og eg stakk innom for å kike, og sjølvsagt kom det litt opp i handlekorga. det er kjekt å gå i ein butikk med annleis vareutval enn i resten av matbutikkane.
 Krydderpakningane kosta frå 13 til 16 kroner.
 Kiloprisen på minimangoar frå Sri Lanka var 70 kroner, 5,50 pr stk.  Dei smakar friakare enn vanleg mango.  Resten skal få modne litt til før vi et dei.
 Vanlege mangoar til 15 kr stk.

Der var både norske og utanlandske grønsaker.  "Alt er billeg," fekk vi høyre, og det stemte nok. I går, som var første dagen, hadde dei selt varme rettar, og alt hadde gått unna.

Butikken skal ha eit stort pluss for hyggeleg betjening - for å bruke eit bokmålsord.  Eg håper dei greier å trekke til seg både innfødde og innflytta nordmenn slik at vi kan få behalde butikken!
Eit lite husmortips i dag og: Kotelettbeina som eg skar kjøtet av på søndag, la eg i ein plastpose med 1-2 ts salt.  I dag kokar eg kraft på beina og nokre grønsaker.  Ei god kraft er alltid eit godt utgangspunkt for ei god suppe!

onsdag 22. februar 2012

Oskeonsdag

 Datamaskina vår syng bokstavleg talt på siste verset.  Og songen er ganske falsk og irriterande.  Så i dag bestemte vi oss for ta oss ein bytur etter ei ny.  Det var ærendet.  Når ein går på eit kjøpesenter, er det lett å falle for freistingar.  Medan eg stod og betalte desse løkane, høyrde eg nokre kjende stemmer. Der stod systra mi med tre av borna!  dei var på gardinhandel.  Vi inviterte dei over Eidet på ein svært enkel meny: Pølser med brød, og is til dessert. Det vart ei triveleg stund med mat, prat og kortspel.
Lys og serviettar kjøpte eg på Nille her om dagen på -70%.  Eg tenkte fargane ville høve godt til oskeonsdag. Blomsterpotta hadde eg frå før.

Datamaskina? Ho måtte bestillast, men kjem truleg allereie i morgon.

Gratulerer Audun 22!

I dag kan vi gratulere Audun med 22-årsdagen!  Eg synest ikkje det er lenge sidan sist eg skreiv gratulasjon. Audun feirar dagen i hovudstader der han studerer juss på tredje året.  Bildet fann eg på facebook.

tirsdag 21. februar 2012

Feitetysdag

 For meg er det naturleg med rømmegraut på feitetysdag.  Ikkje alltid skjer feiringa på sjølve dagen der heller.  Svigermor mi, som var trønder, var van med kokt kjøt og flesk, slik det også står i den nye kokeboka mi med tradisjonsmat frå Sør-Trøndelag.

Butikkane bruker å følgje opp merkedagar med tilbod.  Seterrømme trur eg ikkje eg har sett på tilbod, men ein butikk selde rimelege svineknokar.

Blogglesarane skal få eit lite middagstips med meg i dag og.  Denne retten kan stå i omnen i fleire timar, og høver derfor for dei som vil ta seg ein tur før middag.

I går såg eg for meg forseinkingar i flytrafikken slik det regna og bles, men alt var sånn nokolunde i rute.  Eg tenkte det kunne vere godt med middag i nitida.  Så eg steikte nokre kotelettar (Beina har eg lagt i ein pose med ei teskei salt.  Dei skal kokast kraft på.) og la dei lagvis med poteter og grønsaker. Gryta med lok på sette eg i omnen i 160 grader ca 2 1/2 time.  Der er ikkje vatn i gryta, berre to boksar med tomatar.  Grønsakene saftar seg slik at det vert høveleg vått.  Enklare kan det vel ikkje gjerast?
For ordens skuld: Retten sakk ikkje så mykje.  Det var nokre som forsynte seg midt i steikinga ...

Meir detaljert oppskrift her. Inspirasjon til middag i dag fann eg hos Alt godt.  Ho fortel at det er vanleg med pannekaker i dei anglosaksiske delane av verda.  Eg skal ikkje starte ein ny pannekakediskusjon på bloggen min.  Men eg meiner at den tida ein sette opp vekemenyar, så var tysdag pannekakedagen?  Kanskje eg får leite etter "bevis" i ein gammal heimkunnskapbok?

mandag 20. februar 2012

Heime åleine

Denne filmen plukka eg med meg frå Oslo City førre fredag.  Ingen har vist interesse for å sjå den saman med meg.  Med laurdag kveld var eg heime åleine, noko eg sjølvsagt ikkje legg ut på nett! Då passa det fint å sjå filmen The Help, med den norske, etter mitt syn dårlegare, tittelen Barnepiken. Boka las eg i november.  Eg ser at eg likte boka og hadde planar om å kjøpe DVD-en.

I boka var det ulike forteljarstemmer.  Filmen tek for seg historia i boka, men ein får naturleg nok ikkje med seg alle tankar og nyansar som i boka. Ein har til dømes valt å berre antyde konemishandling.

Eg likte filmen.  Den gjev eit godt bilde av samtida. Nokre personar er rett nok berre skildra som typar. Når ei spør heksa i filmen "Er du ikkje trøytt?", så får ho sagt mykje.

Dette er ein film som bør vere obligatorisk for alle amerikanarar.  Det viser ein viktig del av historia deira.  Ein kan forstå at amerikanarane er svært vare for rasisme.  Afroamerikanarane levde først som slavar, og seinare som dårleg betalte tenarar. Desse hushjelpene i filmen lever tett inn på den kvite familien dei arbeider for.  Det er ikkje uproblematisk å gå frå sine eigne born om morgonen for å oppsede andre sine. Og dei føler seg ikkje mykje verd når dei ikkje kan få nytte same toalett som familien til dømes.

Eg vil oppmode alle om å lese boka og sjå filmen!

søndag 19. februar 2012

Bolleforsking

 I dag er vel kanskje den dagen det vert baka mest bollar rundt om i landet.  Eg bestemte meg for å gjere litt seriøs forsking i heimen.  Sjølv bruker eg nemleg raud gjær til søt bakst både heime og på skulen.  Den raude gjæren gir bollane eit ekstra løft, har eg hevda.  Andre meiner det går for det same.
 Eg har dobbelt utstyr til Kenwooden min.  Eg innførte hugseregelen blå i grå, og sette i gang forsøket.  Mjølka varma eg i mikroen før eg vog lik mengde i bollane: 500 g.  Deretter hadde eg i 150 g sukker 1 1/2 ts kardemomme og egg (begge 66 g).  Maskina knadde deigane litt kvar.  Til slutt knadde eg inn 125 g mjukt smør i bitar.  Dette har eg begynt med etter å ha lært det av Morten Schakenda og sett forsking på det i fagbladet vårt. Prøvebaking viser at med å tilsette feitt til slutt i gjærdeig, vil baksten heve betre. (Presisering etter spørsmål i kommentarfeltet).
 Etter førstehevinga set ein att deigen med raud gjær har heva litt meir.
 Eg vog opp 80 g bollar og tok ein frå kvar deig i kvar hand.
 30 minutt etterheving i lunt miljø.
 Ser de skilnaden?  Frøkna slo raskt fast at dei til høgre er størst. Eg tok midjemålet på dei med målband og fann at skilnaden var på vel ein centimeter.
Konklusjon: Raud gjær gir raskare og betre heving om ein bakar på heilt same måte med raud og blå gjær..

lørdag 18. februar 2012

Vinterferie

 Laurdag morgon er min favorittmorgon.  Då kan ein rusle ned til postkassa og hente seg aviser til frukosten.  Ein kan slappe av med kaffikoppen omtrent så lenge ein lystar.  Og så kan ein begynne å gjere noko fornuftig. I dag måtte eg berre bestemme meg for å begynne i ein ende.  Vaskemaskina og tørketrommelen har gått i eitt.  Og så bestemte eg meg for å begynne i høgda.

Litt ut på dagen då eg hadde fått rydda og vaska litt, dekka eg på eit fastelavnsbord.  Gryteunderlaget har eg strikka i vamsegarn og tova.  Det vart ganske tjukt.  Serviettane kjøpte eg i byen torsdag for å ha til det oransje.
Lysa kjøpte eg hos Floriss i går.  På butikken ved sida av gjekk det i påskepynt.  Gult er ein farge ein fort vert lei av, så eg ventar litt med det.  I avisa i dag stod det litt om kva fargar som er fastetidsfargane.  Eg får finlese artikkelen seinare.

Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg!

Strikkebok

 Denne boka har eg ikkje kjøpt, men lånt på biblioteket her.
 Boka inneheld oppskrifter på det meste.  Bakarst er det vist mange ulike teknikkar med gode illustrasjonar.
Ein finn og eige kapittel med toving.

Boka er fin og inspirerande.  Eg ser ikkje vekk frå at ho hamnar i boksamlinga mi ein gong ...

fredag 17. februar 2012

Bunadssølv og underskjørt

 I dag såg eg på facebook at der skulle vere ein sølvsmed på E-design.  Frøkna manglar inngravering av namn på bunadslomma, så eg tenkte eg kanskje kunne få gjort det på minuttet.  Men det gjorde ho ikkje.  Det einaste frøkna mangla av sølv, er manskjettknappar.  Desse er ikkje stansa som dei andre i butikken.  Prisskilnaden var ikkje så stor sidan det var 10% på sølvsmeden sine varer.
 Elles så slo eg til på eit slikt underskjørt.  Dei finst i raudt og svart. Som de ser, valde eg raudt.
I kanten nede er det to glidelåslommer. Kan det vere til bankkort og førarkort til dømes?  Den vanlege lomma høver vel best til myntar ... (Pris 399,- om nokon lurer).

torsdag 16. februar 2012

Bok 10: Sjur Gabriel

Når det er snakk om den litterære perioden som vert kalla naturalismen, vert Amalie Skram trekt fram.  Det er spennande å lese om livet hennar.  Eg las biografien om henne av Liv Køltzow då den kom ut i 1994.  Eg har ei kjensle av at den dukka opp i postkassa då eg var medlem i ein bokklubb og gløymde å avbestille boka. Det er eg glad for! Livet hennar er spennande.

Sjur Gabriel frå 1887 er eg usikker på kor tid den stod på pensumlista mi.  Venninna mi skreiv særarbeid om Hellemyrsfolket på vidaregåande, hugsar eg.  Lydboka er lesen av Eilif Armand for fleire tiår sidan.  Han les godt alle dialektane.  Eg trur det kan vere lurt å lytte til desse bøkene, i alle fall om ein er redd for tungt eller gamaldags språk.

Eg har allereie begynt på To venner.

Torsdagstur til byen

Ærendet i byen i dag var som vanleg å levere bøker på biblioteket.  Der fann eg dei to siste bøkene om Hellemyrsfolket. Den andre romanen trur eg har fått blanda kritikk.  Det kan hende opplesaren løftar boka.
 På eine bokhandelen reklamerte dei med at dei gledde seg til mammutsalet og la ut nokre smakebitar på førehand.  Eg fann denne boka om tradisjonsmat i Sør-Trøndeleg. Eg har ein del slike i kokeboksamlinga mi.
Ei god kokebok bør innehalde noko meir lesestoff enn berre oppskrifter, meiner no eg.  Eg har vorte meir historieinteressert med åra.

Ei anna samling som vart utvida i dag, er serviettsamlinga mi.  Eg fann store fine middagsserviettar til konfirmasjonen i vår.  Då yngstemann skulle konfirmerast for tre år sidan, hadde enkelte laga bordkorta før eg hadde kome i gang.  Ein vert meir avslappa for kvar konfirmasjon.  Men eg gløymer ikkje kor vanskeleg det var å finne serviettar ein gong eg trudde det skulle vere ei smal sak. Eg har lært at ein bør ikkje sjå for mykje føre seg.

I år er det forresten ein bleikrosa farge som er motefargen til jentekonfirmasjon.  Det skal ikkje vere cerise.  Kor mykje eg bryr meg om akkurat det, vil nok kome for ein dag i mai.

onsdag 15. februar 2012

Bok 9: Den fjerde nattevakt

Då Øystein sine vener og kollegaer begynte med desse klassikarlistene, oppdaga eg at eg hadde nokre hol i kunnskapane.  Falkberget har nok aldri stått på mine pensumlister, i alle fall ikkje anna enn som utdrag.  Sidan mange hadde "Den fjerde nattevakt" på lista si, tinga eg den på biblioteket.


Kort fortalt handlar romanen om presten som kjem til Røros i 1807. Han kjem til eit samfunn der folk er fattige og gudstrua sterk.  Så skjer det som ikkje skal skje.  Han forelskar seg i ei gift kvinne.


På coveret vert romanen kalla ei "tidlaus forteljing om kjærleik". Betre kan det vel ikkje seiast! Eg vart fascinert av romanen.  Det er ikkje utenkeleg at eg kjem til å kaste meg over bøker av same forfattar.  Romanen høver godt som lydbok.  Opplesaren les godt og ho les replikkane på dialekt.

tirsdag 14. februar 2012

Ein kan no ikkje vere negativ ...

 ... til Valentine's Day og morsdag når ein får servert så fin kake!  Det er sjølvsagt frøkna som har laga denne!  Ho fann oppskrifta i Smalhans.  Det er vel aldri feil å glede mor anten det er ein merkedag eller ein kvardag?

mandag 13. februar 2012

Diggiloo Diggiley



Dei fleste korsmedlemene var ikkje fødde i 1984, så dei har kanskje glede av originalversjonen. Her kan de høyre korpset sin versjon.

søndag 12. februar 2012

Så vart det morsdag likevel!

 I dag har folk vore på farten i kvar si retning omtrent heile dagen.  Startskotet var å rigge til i hallen klokka ti. Det tok far i huset seg av.  Men eg greidde å samle alle til middag.
For å få unna restar - og ikkje lage nye, laga eg ei panne lapskaus.
 Kvæfjordkaka vart delt i tolv bitar etter instruksane.  Då eg skulle levere ho, stod det ei sameleis på kakebordet som var fullt.  Mi kake vart sett under bordet, og det vart ikkje behov for ho.  Så synd!  Eg håper alltid at det vert att eit par stykke til dei som er att heime og ser mor ta med seg kaker ut av huset ... No skal vi ha oss kveldsmat og kake.
Til å vere i mot den kommersielle sida av morsdagsfeiringa har eg fått svært fine gåver, her representert med ein ny iPod! Humoristen i familien, han eg ser Lillyhammer saman med, gav meg ikkje kløpinne.

Den flotte konserten kan de lese meir om på Vikebladet.

lørdag 11. februar 2012

Mors dag

I morgon er journalisten på jobb, og vi vert opptekne med korpskonsert.  Så eg sette like godt to svinesteiker i omnen og inviterte alle på middag i dag.  Studenten, som er heime i helga, et ikkje så ofte reint kjøt, seier han.

No skal eg lage kvæfjordkake til korpskonserten i morgon. Fyllet vert vel best om eg har det i kaka i morgon.  
Blogglesarane får ha ein fin laurdagskveld og ein fin morsdag i morgon!

P.S.
Bordet mitt i dag er pynta omtrent som sist.  Det er med som illustrasjon sidan ingen vil på mors blogg.

Meir om margarin

I går lærte vi at det fanst mange margarinfabrikkar i Norge, men at dei ikkje heldt det gåande så lenge. På NRK sine sider kan ein lese om Firda Margarinfabrikk som produserte margarin frå 1934 og ut på 60-talet.  Dei hadde ein margarin som det var smør i, nemleg Firda spesial.  Mor mi hugsar denne fabrikken, og det er ho som har tipsa meg.  Kanskje andre blogglesarar veit om andre margarinfabrikkar?

Lærerik dag i hovudstaden

I går tok eg første fly til hovudstaden og siste fly heim att.  Ærendet var årsmøte me fagdag i Landslaget for mat og helse i skolen. Eg er leiar i lokallaget Nord Vest.

Vi hadde møtet hos Mills på Grünerløkka der vi fekk ei innføring i margarinen si historie. Opphavet til margarinen var at folk mangla feitt, og den franske kongen utlyste ein konkurranse der ein skulle lage feitt som eit alternativ til smør.  I Norge starta det opp mange margarinfabrikkar, men no står vi att med berre ein eigd av Agrakonsernet.

Dei hadde vaskedag på den fire etasjars høge fabrikken midt i Oslo, men vi fekk sjå noko av produksjonsutstyret deira.  Om ikkje lenge flyttar dei produksjonen frå Oslo til Fredrikstad.


Liv Gregersen Kongsten, tilsett i Mills i fleire tiår, fortalde om opplysningsarbeidet sitt.  Vi fekk sjå brosjyrar frå fleire tiår.  Då ho starta, var rasjoneringskort framleis i bruk her i landet.  Denne dama kunne eg ha høyrt på i fleire dagar!  Ho sit inne med utruleg mykje mathistorie.  Eg håper nokon skriv denne historia, og at alle brosjyrar blir tilgjengelege digitalt!  Dei hadde laga eit lite museum i fabrikken.

Det kan hende det dryp litt meir på blogglesarane seinare i form av nettadresser og tips.

onsdag 8. februar 2012

Fylte hyller

 Då har det kome usalta smør i butikken!  Det er svært sjeldan eg bakar med dette produktet, men når det har mangla, er det akkurat som ein blir dradd mot nettopp desse oppskriftene.  I den nye kakeboka mi var der spesielt ei kake eg har lyst å lage.

Fredag reiser eg til hovudstaden der eg skal på årsmøte for Landslaget i mat og helse.  Vi skal bli kursa i Fettskolen på Mills.  Det skal bli interessant.

Til morsdag skal eg bake kake til korpskonserten.  Studenten kjem truleg heim i helga.  Han reiser nordover medan eg reiser sørover.
Eit nytt produkt datt opp i handlekorga mi i dag: Ein gjær som ikkje trekkjer seg attende når ein kjevlar ut pizza. Har blogglesarane prøvd denne gjæren?

tirsdag 7. februar 2012

Syttitalssmørbrød

No når vi har både smørbrødgrill og mikrobølgjeomn, vert det sjeldan at ein lagar seg ostesmørbrød i omnen. I går kveld stod det att nokre ananasringar etter ein salat som vart laga til middagen.  Det er kupp på store skinkepakkar på coop for tida, og riven ost har eg rikeleg av.  Plutseleg fekk eg så lyst på gamaldagse ostesmørbrød!

Ein smør først på eit lag med sennep.  På syttitalet var det vel ikkje lov å ta to skinkeskiver ... Oppå skinka legg ein ananas og ost.  Krydderet er paprikapulver.  Steik i steikeomn på 225 grader til osten har smelta. Det smakar ikkje så verst i 2012 heller!

mandag 6. februar 2012

Forbruksvare?

Omtrent annakvart år kjøper eg meg ei ny steikepanne med fantastiske eigenskapar.  I dag kjøpte eg meg ei ny som skal tole det meste.  Det er berre det at eg har høyrt det før.




Då eg fortalde ei venninne at eg hadde kjøpt meg ei Woll-steikepanne, sa ho at ho hadde slite ut si.  "Går det an - med fem års garanti?" var min reaksjon.  Ja, det er lett gjort, har eg no erfart.  Mi kan ikkje brukast til eggerøre lenger.

Kvifor eg ikkje nyttar meg av garantien?  Det har eg rett og slett ikkje samvit til.  Den har nok vore i hard bruk, om nokon då skulle forhøyre meg.  Andre kokkar har og vore i sving.

No satsar eg på at produsentane forskar fram stadig nye og betre produkt, slik at eg kan ha glede av denne panna nokre år.

Jernsteikepanna mi har halde i 25 år, men no er hanken blitt laus, og festet er så slite at det ikkje kan reparerast.  Eg skal nok snart unne meg ei ny, for til pannekaker er det berre den som nyttar, meiner no eg.

Prisen på Matadorsteikepanna?  369 kroner på Coopkupp.

søndag 5. februar 2012

Litt av ei helg!

Denne helga har det vore vintertreff på Hareid.  Eg har vore nestkommanderande i matkomitéen og hatt ansvar for matserveringa på ungdomsskulen.  Vi har servert brødmåltida til 150 ungdomar.  Til middag og laurdagskveldsmat kom det dobbelt så mange.  Avviklinga av måltida gjekk greitt. Det overraska meg positivt kor flinke ungdomane var å rydde etter seg.  Åt opp maten sin gjorde dei og stort sett.

Eg fekk fri frå eit måltid i går.  Så fekk eg litt kjensle av helg.  Det tøffaste var å gå på ein heil arbeidsdag etter full dag på jobb fredag.  Eg tusla meg heim att i eittida etter å ha stått i kiosken for ein annan.

Ein lærer mykje ei slik helg.  Ikkje minst erfarer ein at folk er forskjellige.  At godt vaksne folk vert sure om dei ikkje får kjøpe rette typen brus, prellar av på meg.  Dei fekk tilbod om gratis jus eller vatn ... Eg har samla nokre gode døme til bruk i opplæring i "korleis ein kan få sagt det same på ulike måtar".

 Andre tek ekstraarbeid med godt humør og hjelper til der dei ser det trengs.  Programmet har eg ikkje fått med meg så mykje av, men eg har berre høyrt positive ting om det.  Eg trur det var mykje som skjedde, så det var liten sjanse til å kjede seg.

Det er nok mange som kan kvile på sine laurbær i kveld!

lørdag 4. februar 2012

Bok 8: Min kamp 3

Denne boka har eg hatt liggande halvlesen sidan i sommar. Eg trur ein godt kan ha litt avstand mellom bøkene.

Eg har tidlegare spurt "Kva er det med Knausgård"? Det kan vere vanskeleg å definere.  Han skriv godt.  Han hugsar ikkje minst godt.  Og han er dønn ærleg.

I tredje boka handlar det om barndomen og tidleg ungdom.  Det er artig å lese korleis ein gut opplever denne brytningstida for oss som var jenter på 70-talet.

Nokre episodar gjer spesielt inntrykk.  Dei som har lese boka veit kva eg meiner når eg dreg fram den manglande sokken.  Karl Ove finn ikkje eine sokken sin etter symjetreninga.  Han set alt inn på å finne den - og nå bussen.  Han veit korleis faren vil reagere når han finn det ut.  Og det gjer han.

Eg har fjerde boka liggande. Den skal i alle fall få vente til eg har lese Falkberget og Skram!  No er eg inne i ein klassikarperiode.

fredag 3. februar 2012

I bruktbutikken - igjen

Sist eg var innom bruktbutikken og kjøpte det grøne fatet, såg eg dette brune også.  Det er omtrent like stort. Og eg har 12 slike brune glasasjettar.  Onsdag var eg i gata, og då stakk eg like godt innom Brukt og billeg og kjøpte fatet.  Neste gong eg lagar marengsbotnar, kan eg ha ein i kvart fat og pynte dei forskjellig viss eg vil.

Det er det som er artig med bruktbutikken.  Ein finn delar av servise ein har frå før.  Kva som er fint og ikkje, er ei smaksak.  Det meste er vel brukande i rette omgjevnader.

torsdag 2. februar 2012

Bok 7: Når jeg er hos deg

Eg har likt romanar av Linn Ullmann før.  Romanane har ofte ein viktig bodskap.  Denne får eg ikkje taket på.  Eg ser at andre liker romanen.  Les gjerne meir her.  Og les gjerne boka.  Ho er for all del velskriven.

Norsktime

 Ein av dei rettskrivingsreglane det vert synda mykje mot i nynorsk, er regelen for bøying av substantiv i inkjekjønn bunden form fleirtal.  Regelen er enkel: Inga ending!

eit stykke - stykket - ( stykke  - (dei) stykka

Retteprogrammet i word gir raud strek under feil bøying.

Eg bruker å seie til elevane at når dei skal jobbe i butikk, skal dei selje eple.  Legg også merke til at det kan heite anten fleire bilde eller bilete.

onsdag 1. februar 2012

Akkurat det eg ønska meg!

I fjor var vi i London i vinterferien.  Ein av suvenirane eg kjøpte til meg sjølv, var eit "kongeleg" krus med dei to som då var forlova.  På bryllaupsdagen tok eg med meg kruset på jobb.  Eg har fått hatt det i fred - til no.  Kruset har falma gradvis.  Men då det vart investert i ny oppvaskmaskin, gjekk den siste dekoren fort vekk.  For tida er kruset kvitt.  Eg har fleipa med at kruset falmar i takt med kjærleiken, og at om det vert knust, er det eit dårleg teikn.

Då eldstemann skulle til London, var eg snar å orde frampå: Eg ønskjer meg eit nytt krus.

Ingen torer nok å låne dette med det første!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...