mandag 11. august 2014

Feriestrikk

 
 Eg visste at eg begynte på eit omfattande prosjekt då eg sette i gang med å strikke etter eit engelsk mønster. I går vart eg ferdig med siste erma.  Så det vart freistande å ta fram symaskina. Då eg var lita, var det ikkje heilt greitt med handarbeid på søndagane, i alle fall ikkje nær bestemødrer.  Deira generasjon strikka for Husfliden, så då vart det sett på som arbeid, og noko ein burde kvile seg frå. "Søndagsarbeid må ein take opp att," fekk vi høyre.
Eg var heldig og hadde akkurat nok garn att til å gjere ferdig erma, men ikkje til å strikke brot.  Så gjekk det ikkje betre enn at nåla på maskina knakk i to. Først fann eg ikkje fleire, men etter ein ny leiterunde i syskrinet dukka det opp ei einsleg nål i ein pakke, sikkert kjøpt for 30 år sidan. I dag sikra eg meg både garn og nye nåler.  
 Trådane har eg festa etter kvart.  Når ein har så mykje mønster, er det i grunnen lurt å strikke jakke.  Då kan ein gjere som eg gjer i ermopninga, legge trådane til side og sy på kvar side, så er det berre å klippe dei vekk.

No står kantar og isying av ermar att.
Men dette er ikkje eigna arbeid framfor fjernsynet, så eg fall for freistinga og kjøpte meg garn til ein ny genser.  Frøkna har fått lyst på Acnegenseren. Det skal bli kjekt å strikke på pinnar nummer 6 utan mønster og montering etter ein sommar med mønster på pinnar nummer 3.


3 kommentarer:

  1. Du er ein ræser med strikkepinnane.
    Kjempefin jakke !!

    SvarSlett
  2. Hjelpes....litt av en jobb med alle de fargene og alt mønsteret. Kjempefint ser det i alle fall ut.

    SvarSlett
  3. Eg må ta meg på tak og få montert plagget! Håper det vert mykje brukt etter alt arbeidet.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...