onsdag 6. august 2014

Pakkedag

 I morgon flyttar yngstemann heimanfrå.  Han ønskte seg kjøtkaker til middag før han for, og vi nytta høvet til å invitere besteforeldra på norsk tradisjonsmat.
 (Eg må berre vise nærbilde av Peacerosa!)
Eg var sjølvsagt innom Foyles og kjøpte meg ei kokebok då vi var i London. Eg baka eit bananbrød frå boka.  Det var utan sukker og med sammale mjøl.

I går då eg inviterte foreldra mine på kjøtkaker, bad mor meg om å ikkje gjere noko ekstra for deira del.  "Kanskje det vert dessert,"svarte eg. Då eg handla i dag tidleg, møtte eg ein blogglesar på butikken.  Ho skulle koke krydderlake til plommer.  Då fekk eg ideen til dagens dessert!I tillegg til vanlege bær fann eg nokre molter. Krem og bær smakar godt åleine - eller til kake!

Det er kjekt at folk liker oppskriftene på bloggen!  Bananbrødet kjem eg attende til.

2 kommentarer:

  1. Bananbrødet/kaka var god, og enda betre med krem og molter til.

    SvarSlett
  2. Den såg herleg ut. så oppskrift tek vi gjerne i mot :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...