lørdag 9. august 2014

9. august


Det har vore ein heilt spesiell dag i dag.  Vi vakna av helikopterdur. Bygda har vore på nyheitene i alle kanalar.  Stemma til journalisten dukka opp på ein pressekonferanse. Det går mange rykte, og rykta går fort over nettet.  Når slikt skjer, håper ein at ein ikkje kjenner dei involverte.  Vi får nok vite det vi treg vite.

Frøkna og eg tok oss ein tur til Ørsta.  Der sette vi av mannen slik at han kunne ta bussen til Oslo.  Etter ein liten butikkrunde, for vi opp i Starevegen.  Der fekk vi servert nydeleg rømmegraut!

Bilde er av ein av klematisane til mor mi.  Desse er på storleik med små asjettar.

1 kommentar:

  1. Livet har blitt snudd OPP NED for minst to familier denne helga.
    Hardt vert det for alle som på ein eller anna måte er involverte..

    Godt at folk får høve til å vise omsorg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...